torsdag 8. oktober 2009

Redda frå containeren...



Tenk, at denne fiiiine kommoden ville nokon kasta rett i boset !
Den var eigentleg ikkje tenkt til meg, men eg trur den var det likevel...

Eg fekk koma opp til ei dame som skulle flytta, ho hadde pakka nokon ting ned i kasser som me skulle få til butikken vår. Det er jo alltid spennande kva som kan dukke opp i slike kasser...
Eg sa tusen takk, og tok med meg kassene med litt forskjellig oppi, kanskje ikkje av dei heilt finaste ting, men noko kan no brukast ;)
På veg ut i bilen går me forbi hengaren som er fylt opp med ting som skal kastast...
Veit ikkje kva som gjer det, men eg får alltid veldig mykje meir lyst til å sjå kva som finst her, for det er så typisk at folk kastar akkurat slike ting som me er ute etter.
Og kva er det, som står på enden og regnar vekk, men som nærmast skrik etter at nokon skal ta den opp igjen derfrå....
Ein nydeleg kommode med ein heilt nydeleg farge...



Heldigvis var mannen min med på denne turen, for den som kunne løfta opp kommoden og setta den i bilen vår, det var han. HURRA for sterke menn :)
Ja, detta måtte eg no berre ta med meg, sa dama, og eg fekk med med meg nokre fine krakkar og eit lite retrobord på "kjøpet".
-" Hadde eg no visst da, skulle eg no ringt mykje før, for me har no køyrt vekk fleire slike hengarar... " :( :( Den har me berre høyrt so altfor ofte.... sukk !



Her er den eine krakken som også skulle kastast. Det var jo trass alt ein sprekk i setet....

Så idag har eg måtta ommøblera litt.
Ha ein god dag vidare !


5 kommentarer:

Rosa sa...

so fiiiiin!!

Heilt utruleg kva folk kastar, men så er jo smaken utruleg forskjellig, og ein tenkjer kanskje ikkje at andre kan vera SÅ forskjellig frå ein sjølv??

Grattis med kuppet, iallefall :)

Camilla sa...

Så heldig du er :-) Ganske utrolig hva folk finner på å kaste.. På "landet" vårt har de fått tillatelse til å brenne ned ett fint gammelt hus, og jeg kjenner det gjør vondt langt inn i sjelen..hehe Kan tenke meg frustrasjonen over alle hengerlassenesom er blitt borte er like stor. huff og huff

Duften av erteblomster sa...

HELDIGGRIS :)

Christine C sa...

For noen flotte møbler...du har jammen vært heldig! :-))

Noralill sa...

Knallfin kommode og krakk!! Du var no heldig trass alt...og så fine fargar.