mandag 21. desember 2009

Fine førjolsdagar

Då har Patinadamene stengt butikken for dette året !
Det er alltid litt godt å ta seg ein liten vinterferie etter jola, ikkje det at me ikkje kosar oss på butikken, men det er så frykteleg kaldt å stå der.....br r
Men du, kor vakkert med denne snøen som er komen !



I går fekk me aka ned frå Elje ( garden til Turid ) som ligg ca tre km oppover.
Det er det kjekkaste ungane veit, og eg må innrømma at eg synes det er kjempeartig sjølv ;)
Ein blir som ein liten unge igjen...., hi hi :)


Inne er det små sysler framleis, litt baking, rydding, vasking og presang-luring...
Måtte nett ta bilete av dei ferske fikenene som eg kjøpte på nærbutikken hin dagen, er ikkje kvardagskost her i huset akkurat, men det var liksom noko "jolete" over dei.
Har sett nokre oppskrifter med fersk fiken i, får sjå om eg tek meg tid til å prøva før jol...

Ellers blir det lite blogging for tida og lite tid innom alle dykk andre bloggarar, men eg antek det er litt likt for alle i desse tider.

No må eg hiva meg rundt og handla inn siste rest av presangar...


Ha ein fin dag alle saman !

4 kommentarer:

DUNNISMoR sa...

Stemningsfulle bilete!

Kjekt med mykje snø, både for liten og stor...var i akebakken med ungane i går...og det vart mykje latter og ein god del snø i fjeset:)
Vert lite blogging her, òg, andre gjeremål kjem nok fyrst.

Vil ynskje dykk ei riktig god jol og eit godt nyttår!

Og så satsar eg på ein tur innom på nyåret...vart ikkje nokon førjulstur på meg, likevel.

reSIRIkulert sa...

Ynskjer Patinadamene ei fin jul saman med familie og vener :)
Siri

einar sa...

Stilige bilete! God jul til dei kjekke damene på Patina.

till-vidas-ara sa...

Underbara bilder :) Ville önska Er en underbart fin JUUUL!!!

Julkramar Lycke