tirsdag 8. desember 2009

Litt jol i heimen


Idag har eg teke litt bileter i heimen.
Er so smått byrja å pynta til jol...
Gullhjorten er ny av året, og den vart me fort utsolgt for på butikken. Eg fekk nett ein til meg sjølv, puh ;)
Julebokstavane laga eg i fjor. Kjekt å ha ein møbelsnikkar til mann, fort gjort å laga nokon bokstavar då...



Her er ein krok av stova mi...
Bilete på veggen laga eg for to år sidan, av noko gamalt stoff og ei gamal ramme utan glas...
I grunnen veldig lite ny jolepynt hjå meg i år, har henta inn litt frå naturen, som er mykje fin pynt i seg sjølv.



Bortsett frå denne då, den er ny, hi hi, ja det er faktisk eg som har laga den, og ikkje minstejenta på sju... :)
Mannen min sa, at den skulle eg vel ikkje legga ut bilete av, og nettopp difor gjer eg det, tudelu :)
Dette kan ein vel verkeleg kalla naivistisk pynt, og kanskje ikkje den ein tek fram att til neste år, he he :)
Duken er vel gjerne det som er finaste på biletet, ein ekte fin adventsduk.
I morgon skal eg starta jolebaksten :)
Kos dykk alle !

4 kommentarer:

Rosa sa...

hihihi, klart du må legge ut bilde av eigenprodusert jolapynt! Og duken under var fin, den òg ;)

DUNNISMoR sa...

Så fint og koseleg!
Likte veldig godt adventsstaken...veldig fiiin:)
Ha ein fin onsdag!

HildeS/Frøken Fryd sa...

Koselege bilete fra heimen din.
Eg synes julepynten din er fin eg!!
Kos deg videre i førjulstida.
Klem H

PillePalle sa...

Digger disse bildene! De er jo kjempefine,
koselige og stemningsfulle :)) Hilsen fra Pillepalle