onsdag 27. mai 2009

Ommøblering

Me er igang med ommøblering på butikken vår - igjen ! :)
Me eeelskar å ommøblere :) :)
Det er liksom som ein får eit krutt ekstra, og skubbar ekstra hardt med rompa, på den stoooore disken som absolutt SKAL flyttast... hi hi :)



Og kvifor skal ein no flytta vekk alle tingene som står oppå disken, eller inni skapet..., neidå, det er berre å dra og slepa litt ekstra. Og golvet ser sjølvsagt ikkje ut ! Men det får so vera, møblane skal fram ! Hybelkaninene florerer og sanden lagar striper. Kva med å byta den sofaen med det bordet og kanskje den skjenken heller skulle stått andre vegen.... Og kva med alle tingene som stod der, kor skal dei vera no... ? ;)
This is life :)
Me prøver laga litt meir orden i butikken. Samla ting. Laga meir so ein kafè nede. Det er jo det som er planen når me berre får lagt inn vatn og laga oss eit skikkeleg kjøkken.... Men det er so frykteleg lenge til....
Men, men, kaffi har me no og, og kanskje noko attåt om du er heldig ;)




Deilig orden i hyllene, og so masse fint !!!!!
Me har ope i morgon og fredag, veit de :)

10 kommentarer:

HildeS/Frøken Fryd sa...

Hei hei.
Ja det er kjekt å flytte litt på tinga.
Eg skulle berre flytte på ein spegl sist veke,
men brått så hadde eg snudd om halve butikken.
Eg gler meg til eg ein gong skal ta turen innom butikken din:)
Ha ei fin veke.
Smil H

Camilla sa...

ååå.. nå gleder jeg meg ihvertfall til fredag!! Da kommer vi innom en tur :-) Obligatorisk når vi skal besøke svigers!! Og utifra bildene går vi ikke tomhendt..hihi

einar sa...

Den ommøbleringa som vert skildra her, høyrest kjent ut. Damer i ommøbleringsmodus let seg ikkje stoppa av noko som helst, i alle fall ikkje praktiske vanskar

Orlaug sa...

Spennande!!!!
Kjem innom ein tur i morgon!

Rosa sa...

Eg var igrunn bestemt på å ta turen idag, men plutseleg var her arbeidsfolk på trappa og stillas på veggen, så då måtte mor berre setja igang med malarkosten. Men neste veke - då!

God helg!

Lycke sa...

ÅÅÅ vad mycket underbara saker ni har!!! Önskar såå att jag bodde närmare, ser ju jättemysigt ut sådär, precis som ni har det...lovar absolut att titta in om man skulle ha vägarna förbi...
Hittade hit genom Camilla, Hippiechic..

Kram Lycke

Hilde Heimdal sa...

Hei så spennende prosjekt dere har :)!!

La luz del norte sa...

Så fin butikken ser ut, bare synd jeg bor i Trøndelag! Håper dere har mange kunder og at butikken går bra!!!

God pinse til dere!

Solrosa

Vibeke sa...

Gøy å flytte om litt, MASSE fint dere har!
Følger med på nettbutikken siden jeg bor langt unna, håper det dukker opp en termos med roser uten kinesisk skrift på :o)

God pinse til dere!
Vibeke

Sanna sa...

Åhh vad mycket fint ni har i er butik och hela butiken i sig verkar charmig och mysig.. Skulle vara superkul att titta in om man fick vägarna förbi =)
Ha det gott!