tirsdag 28. april 2009

No livnar det i lundar...

.....no lauvast det i li....
Idag var det godt å stressa ned litt, både i hovud og rygg.....
Då er det godt å ta på seg joggeskona og gå seg ein tur.

Ein treng ikkje gå so langt før ein kjem til fasinerande gjengrodde stiar....


....og gamle låvar....

Kven har budd her, mon tru ?



Det er lett å drøyma seg tilbake i tid.....



......samtidig som ein nyt utsikten frå ein gamal benk med ekte patina.....


Men, kor mykje blåbær vert da i år, egntli ?? :)
Ynskjer alle fine vårdagar i vente :)

mandag 27. april 2009

Møte i sola

Her er ikkje den store aktiviteten endå.....
Tida flyg som vanleg, alle har det vel slik, trur eg....

Idag har me hatt eit viktig møte på butikken vår. Og lucky vis, sola skein og Evanger fekk vist seg frå si beste side !

Me snakka bl.a om marknadsundersøking..... Eigentleg eit ganske kjedelig ord, men eit viktig ord for dei som skal overbevisast om at ein idè er så god at ein kan laga forretning ut av den.....

Det er på ein måte ikkje heilt godt nok at ein brenn skikkelig for ein idè, om ein ikkje får andre til å tru på den. Me trur på idèen vår, me trur at det er behov for eit slikt tilbod, men korleis veit me om kva andre meinar ?

Eg tenker på meg sjølv når eg skal ut og reisa. Då leiter eg alltid etter den perfekte overnattingsplassen, om me då ikkje skal gå for det dønn vanlege hotellrommet, som sjølvsagt av og til er det mest praktiske. Men eg syns at alle hotellrom er nokså like, då snakkar eg standard dobbeltrom. Eg vert sjeldan overraska, når eg etter uttallege forsøk har fått opna døra med nøkkelkortet ( uff,sikkert berre meg.....;) ) og eg møter den ordinære gangen. Eit flislagt bad til høgre eller venstre. Vidare står det mørke skrivebordet der, gjerne med tv'en fint plassert oppå, kanskje står det ein lenestol med kirsebærtre handtak og ei seng med eit gusjestygt sengeteppe over...... Ja, her skal ein heldigvis ikkje tilbringa mange timane !

Den perfekte overnattingsplass dukkar sjeldan opp..... Kanskje er eg for kresen ? Men kvifor skal alt vera så likt ? Kunne ikkje nokon ha kome på noko som var litt annleis ? Og som ikkje ruinerar ein heilt. Kanskje kunne ein kome heim frå tur og vore inspirert, ikkje berre av alt det fine og kjekke som finst utanfor hotellet ( for det finn ein jo alltids ), men også av interiøret på rommet og ellers.

Målet vårt er å laga slik overnatting, som skal vera ein estetisk nytelse, i tillegg til alt det vakre ein kan oppleva rundt på Evanger.

Og ja, me trur verkeleg at det er marknad for det !
Håpar me klarte å overbevisa våre møtevener om det også :)
Syns iallfall me var flinke, eg :)


mandag 20. april 2009

Utpakking av nye varer



Jipppiiii !! :)
Nye varer er på plass i butikken !



Det er reine jolafta den dagen varene kjem, og me skal til og åpne opp alle øskjene.
Er det så fint som me håpar, er alle varene kome, er noko knust...... ?




So skal alt prisast og settast fint ut i butikken......




Likte desse pottene godt.....
Men ååååhhhh, so mykje fint !!!!! :)

So no er det berre å ta turen innom til oss !

torsdag 9. april 2009

Påske

Ville berre få ynskje alle ei god påske ! :) Om enn litt seint, men påsken er jo lang endå.
Her har dagen gått med til taksering av hus, planteikning og budsjett..... Var det nokon som sa fri ?? ;) Greit nok, når ikkje skina kallar. Det gjer dei derimot i morgon, og me satsar på strålande vèr !!!
Etter påske får me nye varer til butikken, og det er alltid like spennande og moro å pakke ut, juhuu.... ! :) Meir om det sidan.

Hei så lenge ! :) -H.


mandag 6. april 2009

Den fine gato vår

Idag stoppa det ein bil utanfor butikken vår akkurat då eg kom køyrande heim. Sidan me ikkje har ope idag vart paret ståande utanfor og kikke inn vindauga. Eg spurte om dei hadde lyst inn og sjå, for då kunne eg låsa opp til dei ( me gjer det når det passar seg slik ). Det trengte eg ikkje sa dei, dei var i grunnen berre på veg forbi, men måtte nett innom i den utruleg fine gata vår :) Ja, det er mange som gjer akkurat det. Og då vert eg veldig stolt og glad over at eg faktisk bur her i denne "gato", som me kallar den. Det er berre ei gate her på Evanger.

For eit par år sidan var det også ein kafè i nabohuset, Rongahuset kunstkafè. Den er ikkje meir. Dei som eig huset har flytta, huset har stått tilsalgs lenge ( for den rette prisen....hm ? ) og det ser tomt og trist ut i lokalet. Heldigvis bur det folk ellers i huset, slik at det ikkje står heilt tomt, men eg må sei eg saknar livet med kafèen. Der kunne me ein gong eta belgisk konfekt, me kunne drikka ekte cappucino og americano, deilig ciabatta med spekeskinke frå Evanger og ei brownieskake som smelta på tunga.
Om kvelden kom det artistar frå meir urbane strok, og me fekk oppleva nydelege intimkonsertar, gjerne med god raudvin inntil, eller eit glas av det spesielle ølet dei selde her ! På marknadsdagar, då det er eit yrande folkeliv, stod kafèen i sentrum, og det låg eit slags eksotisk teppe over heile lokalet og innerst i hjørna kom det gjerne tonar frå ein kontrabass.
Mange av kundane våre likte dette. Koma til denne vesle byen, nyta kafèlivet og etterpå rusla rundt i butikken vår for å kjøpa med seg ein godbit til heimen.


Me har eit håp om at ein gong, .... ein gong kan det kanskje verta "liv" i Gato vår att. Som i gamle dagar, då det var opp til fleire kafèar, butikkar, skomakar, skreddar og til og med hotell !
Her, på vesle Evanger !

Butikken vår kan du oppleva framleis, og me lovar at du skal kunne få ein gratis kopp kaffi i pappbeger og masse inspirasjon om du kjem innom.
På sikt får me sjå kva me kan få til.... - H.