søndag 31. mai 2009

Tur i skogen

Idag var det ein nyyydeleg dag som passa ypparleg for ein tur i skogen.
På Evanger ligg det mange små fjellgardar rundt oppi liene, Akslebjørg er ein av desse. Det er kjekt og gå opp til dei ulike gardane, og verkeleg drøyme om korleis livet var her i gode gamle dagar....




Her kan ein skimte to andre fjellgardar, Brunborg til venstre og Flansås til høgre.


Utruleg mykje fin kvitveis å sjå....


....og jammen var det ikkje ei gamal slåmaskin i enga....


Små elvar vert ein alltid så fasinert av....
Me er glad for at me har eit så stort og fint turområde rett utanfor husa våre, og naturen er til for å brukast og nytast ! :)

lørdag 30. mai 2009

Dugnadsdag

Idag har me hatt dugnad på butikken vår. Alle mann i arbeid, og jammen fekk me gjort litt.



Me er fremdeles mest på nedrivingsfasen, og det vert mykje støv i lufta...
Innimellom alt finn me små skattar, som gamle avisutklipp....


Og sjå kva det gamle huset vårt har....... ein ekte utedo !!!
Me klarte ikkje berre rive den sund, og har foreløpig satt den fint utanfor i håp om å kunne bruka den til noko.... sjølv om det faktisk er ein do ! Issjj....

Etter mykje drittarbeid fekk me også gjort litt kjekt arbeid, som å dekorera ein gamal isboks....


som me sjølvsagt er tenkt å fylla med IS :) Juhuuuu :)



Så no satsar me på kaffi, te og is på butikken vår !
Håpar å få frysen opp å gå til Evangerlaurdag om ei veke....
Jaudå, me må sei oss fornøgd etter ein lang og arbeidsom dag :)
God pinsehelg til alle, og takk for kjekke kommentarer :)

onsdag 27. mai 2009

Ommøblering

Me er igang med ommøblering på butikken vår - igjen ! :)
Me eeelskar å ommøblere :) :)
Det er liksom som ein får eit krutt ekstra, og skubbar ekstra hardt med rompa, på den stoooore disken som absolutt SKAL flyttast... hi hi :)



Og kvifor skal ein no flytta vekk alle tingene som står oppå disken, eller inni skapet..., neidå, det er berre å dra og slepa litt ekstra. Og golvet ser sjølvsagt ikkje ut ! Men det får so vera, møblane skal fram ! Hybelkaninene florerer og sanden lagar striper. Kva med å byta den sofaen med det bordet og kanskje den skjenken heller skulle stått andre vegen.... Og kva med alle tingene som stod der, kor skal dei vera no... ? ;)
This is life :)
Me prøver laga litt meir orden i butikken. Samla ting. Laga meir so ein kafè nede. Det er jo det som er planen når me berre får lagt inn vatn og laga oss eit skikkeleg kjøkken.... Men det er so frykteleg lenge til....
Men, men, kaffi har me no og, og kanskje noko attåt om du er heldig ;)




Deilig orden i hyllene, og so masse fint !!!!!
Me har ope i morgon og fredag, veit de :)

tirsdag 26. mai 2009

Lesnad

I dag var eg innom biblioteket og lånte bøker. Blandt anna denne :



;) ;) ;)
I kveld har eg teke fatt på den, og syns eigentleg den er ganske interessant.
I alle fall står det mykje eg ikkje veit, sjølv om ein faktisk har drive ein butikk i mange år. Føler ting må gjerast litt meir ordentleg no, so då gjeld da å lesa seg opp litt....

I helga var eg innom denne butikken, Frøken Fryd, der eg kjøpte deilig Pukka te som eg kunne kosa meg med til lesinga. Ho som driv den, har forresten denne bloggen HildeS

mandag 25. mai 2009

Naivistisk pynt



Me har alltid likt å laga enkle små ting på butikken vår.
Det skal helst gå litt fort, det kan gjerne vera noko i streng, og helst brukar me noko me har for handa der og då. Masseprodusering er me dårlege på, men unike ting, som berre finst ein av er flott ! Me kallar det naivistisk pynt. Synes det navnet seier alt, i grunnen.


Håpar å få tid til litt putling med slikt arbeid også framover....

tirsdag 19. mai 2009


Studietur til Lærdalsøyri.
Eg har jo alltid visst at Lærdalsøyri er ein svært koseleg stad. Men når ein spaserar sakte oppover GATO der med eit kamera i handa, får ein verkeleg opp augo for kor nydeleg det er der.





Må få lov til å rose alle i Lærdal for måten dei har teke vare på husa, hagane, gjerda, ja til og med "gamle" blomar.
Me har teke med oss alle inntrykka heim att til Evanger. Det som er så flott er at GATO vår og har eit fantastisk potensiale i seg! Og det har jammen Sjøbua og! Når ein ser slike perler som gamle Lærdalsøyri får ein lyst til berre å kaste seg rundt og skape vakre, estetiske interiør og eksteriør!!


....(slike vitaminbomber vil me nok trenge mange av når me no gjev oss i kast med Sjøbua for å skape Patina -simple living. Så kom gjerne med tips om fleire!)

mandag 18. mai 2009

Matbutikk på Evanger



Då var iallfall både fotografar og modellar reist ut av husa våre og tilbake til heimlandet. Det vert spennande og sjå resultatet....

17.mai vart feira med ein blanding av"Fairytale" og "Ja vi elsker", og ein fekk ein ekstra god følelse av å høyra til ein plass.
Årets syttandemai tale her på Evanger vart helde av ei utruleg flink og inspirerande dame frå nabobygda, ho fekk oss til å le, samtidig som ein sat att med ein utruleg vilje til å få til noko positivt på heimplassen vår. Det vart liksom ei meining med heile dette prosjektet som ein er starta på.
Ho nemnte blandt anna at ungane våre må få ein god tilhøyrighet til bygda si, slik at dei også skal få lyst til å koma tilbake. Me må visa dei at me får til ting og at me samarbeider, og er glade for å bu her ! :)

Det som er kjempedumt, er at me manglar ein matbutikk i desse dagar :(
Dei som dreiv den, orka rett og slett ikkje meir, dei var utbrente....

Me er veeeeldig på jakt etter nokon "nye" som har lyst å koma hertil og driva butikken, og ei gruppe har jobba med å laga eit prospekt for å reklamera både for butikken og for Evanger.
Oppfordringa er herved sendt, og me håpar at det finst ein der ute....



Har du lyst til å driva butikk på Evanger?
Lokalet er klart til bruk - og kundane ventar!
Link til webområde: http://www.evanger-bygdatun.no/ Direkte til prospekt:
http://www.evanger-bygdatun.no/ProspektButikkenEvanger.pdf

Send gjerne denne ut til alle de trur kan vera interesserte.
Då seier me TUSEN TAKK !!!

torsdag 14. mai 2009

Så var det jul igjen !

Ja, for her hjå oss har det liksom vore litt jul idag.
Frå tidleg morgon har huset mitt vore innvadert av eit tysk klekolleksjonsfirma som har tatt bilder til den nye jule-og vinterkolleksjonen sin ! Hi hi.... ;) Og løye har det i grunnen vore, ja ganske komisk for å sei det mildt :)

Artig at det norske casting firmaet fann oss blant alle dei andre fine hus der ute. Dei søkte noko gamalt og vintageaktig, og vips, der var me !
I morgon skal dei over til nabohuset hjå Irene.
Dei likar seg her på Evanger :) Hi hi.
Og me har hatt godt sal på butikken i tillegg.


Så går vi rundt om en enebærbusk....
Ja, eg veit ikkje, kanskje ikkje heilt lett å få fram den rette stemninga, men....

mandag 11. mai 2009

Meir frå butikken

Herleg sol ute på Evanger idag, som eg straks skal ut i :)

Ville berre visa litt meir bilder frå butikken....


...fine ting frå House Doctor....


.....bord frå siste loppis, som har fått pynta seg med kjempefin voksduk frå butikken....


...og bilder frå Trude S design, utruleg dekorative, samtidig som dei viser tradisjon frå Voss med fine bunadskledde damer. Og 17.mai er jo ikkje lenge til !

Ha ein solrik dag :)

onsdag 6. mai 2009

Ein liten titt i butikken


I morgon er det atter ope på butikken. Her er noko for ein kvar smak, gamalt og nytt i ei herleg blanding. Velkomen innom. Me har ope ifrå kl 12-17.

Gevir



Det er rart, men eg hugsar godt når eg for alt i verden ikkje ville ha eit gevir på veggen !!
No er det ganske fint, synes eg :) ( Ja, det har forsåvidt vore fint ei stund.... )
Den smaken, den smaken....
I morgon er butikken vår open for dei som har lyst å ta turen !
Me har fått masse nye varer frå loppis og House Doctor !
Løp og kjøp !!!

søndag 3. mai 2009

Ly for natten - igjen !

Kvifor er det slik på denne bloggen, at plutselig ville ikkje det siste innlegget mitt koma øverst, men heller smette seg inn som nummer to, og med datostempling for tre dagar sidan !!!????
Så det siste innlegget på denne bloggen; "Ly for natten ", er difor etter det nest siste innlegget ; "eit heller grått og trist innlegg"
Ja, for sånn er det med den saken, tenk !

Ly for natten

Når det gjeld overnattingsstader, for å ta det igjen, så er det sjølvsagt mange fine rundtom også ! Følte kanskje eg rakka litt ned på andre i eit tidlegare innlegg. Alle prøver vel å gjera sitt beste, og smaken er som baken, heiter det så fint.



Eg har fått ei utruleg fin bok hjå mine to kollegaer, som heiter " Ly for natten ". Anbefalast på det varmaste. Eg fekk lyst til å reisa rundt i Noregs land med det same.....

Sjå bilder her









Her kan me henta masse inspirasjon til vidare arbeid :)

Tuuusen takk Irene og Turid !!!! :)
( Såg at dette innlegget kjem etter det andre eg skreiv, og har prøvd å rette på det utan hell... Er ikkje heilt på bølgelengde med denne bloggen endå...grrrrr )

fredag 1. mai 2009

Eit heller grått og trist innlegg...



Av og til føler ein seg berre ganske uheldig, og det gjer me idag....
Me hadde håpa på midlar frå Kulturminnefondet, til å pussa opp vårt verneverdige hus..... Men dei kloke folk har tatt sin beslutning, og der var ingen midlar til den stakkars Sjøbua på Evanger :(
Huset skrik etter "litt" hjelp.... Bildene talar vel for seg sjølv.....



Jaja, det er berre å fatta mot og tenka ut noko lurt :)
Det gjeld å vera optimistisk !!!!
Ha ein fin 1.mai !