Gurimalla kor kjekt det er å driva kafé med slike dagar me har hatt :))
Sola har vist seg frå si beste side og folk har kosa seg både ute og inne.
Me spring frå det eine til det andre, lagar på mat og kaffi og prøver rydda unna så godt me kan...
Når dagen er slutt finn me ut at me slett ikkje har hatt tid til verken å eta eller drikka kaffi sjølve...
Men, det er jo utruleg moro ! :)
Den gode kvilestolen med teakbordet i dette hjørnet, var det nokon som reiste med.... så der lyt me tenka ut ei ny løysing.... Akkurat no står "Lille Gine" der med sommarkjolen på.
Slik vil det jo alltid vera, at interiøret skiftar litt ettersom :)
I morgon har me ope att, og då skal me prøva oss med ein pastasalat.
God sommar vidare !