Velkomen innom til ny Patinaveke i morgon.. Planen vår er då sofakrok.. Det kan bli veldig bra:) Open 12-16 Snakkast!
fredag 21. oktober 2011
Tips til julepynt.. Ingenting er vel finare enn heimelaga papirhjerter på joletreet.. El kva med å stive nokre små brikker i sukkerlake og heng opp.. Veit at det er ei stund til jul, men skal ein lage noko moro må ein byrje no:)) Kom innom til deilig kaffi, herleg karamellkake..el varm epledrikk feks.. Bli inspirert.. eller start jolehandelen her:)) Vekomen alle.. open 12-17 på fredagane:))
torsdag 20. oktober 2011
Tida går fort.. iallefall om ein skal lage jolegåvene sjølv..
Minner om strikkekafeen i kveld kl 19.00-21.30. Alle er velkomne, med eller utan strikketøy..
Men fyrst vanleg kafedag, med alskens godsaker:)) Ope 12-16 Velkomen:))
Komane torsdag er det strikkekafe og open butikk frå kl.19. Ta med deg eit handarbeid og ta deg ein tur då vel:-) Me har som vanleg ope 12-16 tidlegare på dagen og...
torsdag 13. oktober 2011
Me har fått ein del telefonar opp igjennom åra her på Patina... ..og diverse magasin vil gjerne ha oss til å opne heimane våre for fotografering.. Me vil jo ikkje vere vanskelege..og enda opp med å sei ja enno ein gong.. Denne gong vart det Irene som "måtte" til pers..og resultatet finn du i siste Rom123 nr 9..
Elles er hausten komen for fullt, og det var fyrste frostnatt i natt.. ..så smått begynt å få på plass litt julepynt.. Og litt nye godsaker frå Madam stoltz er på plass i butikken. ..og so kaker då... og kaffi osv.. Open 12-17 på fredagar. Velkomen:))
Superfine kort på plass i butikken... av flinke Katrine Kalleklev:))
Kom innom og sjå då vel:)) opent fredag 12-17 Velkomen:))
onsdag 5. oktober 2011
Patina har vore heldige og fått massevis av garn frå
ei dame som rydda i heimen. TUSEN TAKK!
Dei minste nøstene fekk vere med opp til Elje,
og har no vorte til ein
RESTEGARNPUFF:-)
Me har framleis mykje garn att, så me strikkar enno......
mandag 3. oktober 2011
Om det pøsregnar og bles ute, er det alltid lunt og koseleg inne på Patina... Hugs..me har opent att frå tors-laurd 12-17 (fredagar til 17) Snakkast då:)) Og ps..hjarteleg velkomen til nye fylgjarar på bloggen her òg.. Veldig kjekt!! Klem frå oss:))
lørdag 1. oktober 2011
Lampeskjermar kan brukast til så mangt.. I dag vart det loppemarknad før opning på to av Patinadamene.. Fine skattar er på plass i butikken:)) Ha ein god kveld, alle saman:)