lørdag 27. november 2010

Hjartevarme



Det er kalde dagar på Patina...
Fint er det, for lyset vert så vakkert.
Me har tent lyset i hjarta vårt.
Det gjev oss varme.
Me gledar oss til jol !

onsdag 24. november 2010

Ny logo

Den nye overskrifta på bloggen vert biletet denne gongen.
Me har fått oss ny logo som me er særs godt nøgde med.
Den er laga i samarbeid med designar Per Finne, ein god ven og ekta vossagut.
Me gledar oss til å ta den i bruk :)

fredag 19. november 2010

Eit bord, to bord og tre bord !



Idag selde me heile tre bord på Patina !
Tre kjekke damer tok seg ein runde og vips hadde dei bestemt seg for kva dei ville ha. Borda kjem me nok til og sjå att på denne kaféen her. Vår favorittkafé på Voss :)


Så no lyt me finna nokre nye bord, og det er jo litt moro :)
Då vert det automatisk litt ommmøblering :)
God helg alle saman !!!

torsdag 18. november 2010

På låven sitter nissen...

er det for tidleg å syngje enno. Men i dag har Patinadamene jolepynta litt i butikk og kafe :-) Me kan nok ikkje skryte på oss for mange nissar, men desse 3 skjønningane her har me.


Patina held ope tors, fre, laur og sun 12-16 kvar veke fram til jol, så du er velkomen innom!

lørdag 13. november 2010

"Nye" varer og "nytt" rom



Ei stund sidan me fekk varer frå House Doctor no, men tida går så fort.
Desse termosane har me hatt tidlegare, men med eit anna mønster på. Dei er kjempefine !



Artige jolekuler i år, og raudt er fint til jol.
Har ikkje alltid syntes det, men nett no er det greit med litt raudt ;)





Ellers er Turid her igang med malekosten.
I andre etasje har me hatt eit rom bak nokre forheng, fullt i rot !! Og me tippar det er mange som har latt seg frista til å kikka bakom her, til stor skuffelse, hi hi.
No skal me male tak og golv også der, så får me litt større butikk.
Me skal også lage eit kontor og hobby-rom til oss sjølve.
Det blir bra !

tirsdag 9. november 2010

Kari Bremnes



Ja, du ser rett ;)
Patinadamene var ikkje berre på konsert med Kari Bremnes, men heile bandet tok likså godt turen innom oss på veg til Bergen dagen etter...
Ein av bandmedlemene var også innom oss på Balkanfesten i år, så han ville gjerne ta turen att, og det var jo veldig veldig koselig :) 
Eg og Irene prøvde knipsa bilder, men kvaliteten er vel ikkje noko å skryte av denne gongen. Kva kan ein forventa etter å ha vore fan av Kari heilt sidan nittitalet, og så står ho der plutseleg...
Hi hi, ei oppleving me skal kosa oss med lenge.
Konserten var også HEILT FANTASTISK !!
Med andre ord ei super helg....
og so tilbake til kvardagen... ;) hi hi

fredag 5. november 2010

Litt happiness kan ikkje skade

Patinadamene har fyllt sin fyrste container !
Me er som regel å finna oppi andre sine containerar, men denne gongen fann me ut at me skulle fylle ein sjølve.
Og det føltes utruleg godt i grunn ;)
Rydding må til av og til, og no hadde det hopa seg opp - igjen.
Eg hadde planlagt å ta bilete av den overfylte boksen, men vips var den henta, og godt var det.



I staden legg eg inn eit bilete av denne herlege dama.
Kari Bremnes
I morgon skal Patinadamene med sine menn, slå ut håret, og reise på konsert.
Fyrst skal det lagast eit herremåltid som skal nytast, deretter vert det nydeleg musikk frå Kari og band :)
Det vert årets jolebord, like greit med alt som er gjort, og hugs :

Ynskjer alle ei god helg !

mandag 1. november 2010

Gamal jolepynt

Når november er komen er det vel lov å snakke om jol og vise fram litt jolesaker...? Klarar ikkje å vente lenger med å vise fram dei siste kuppa mine. Har nemleg vore så heldig å kome over ein del fin og gamal jolepynt i det siste! Sjå berre på denne "godte-skåla her":



Innimellom kulene har det dukka opp nokre nydelege jole-klokker og:

Og desse gamle nissane må eg få vise fram og. Nissar med skikkelege andlet-uttrykk finn ein ikkje mange av i dag (raudnissen sine auger går faktis heilt i kryss ;-))

I tillegg til noko gamal jolepynt har Patina veldig fin jolepynt frå både House Doctor og Madam Stoltz. Me har funne fram ein del av jolevarene, men har ikkje jolepynta butikken enno. Kanskje gjer me det snart ?!

Patina T