lørdag 31. desember 2011

Godt nytt år!!

Patinadamene ynskjer
alle eit riktig
GODT NYTT ÅR!!
..og takkar for det gamle...
På gjensyn i
det nye året:))

onsdag 21. desember 2011

Førjolstemning

Tykkjer det meste vert vakkert med ein gamal, grå og verslitt vegg som bakgrunn... Eller grå og grå. Desse slitte veggane er eigentleg eit samansurium av ulike brun-gråe-beige-nesten grønaktige nyansar. Me nyt dagane fram mot jol! Og i alle fall når godveret syner seg fram!

lørdag 17. desember 2011

Siste opningsdag før jol


Ja men sann...
Då var det klart for siste 
opningsdag på Patina
dette året..
Det har vore 
nok eit kjekt år,
og me har drive både kafe,
  nytt/brukt butikk
og overnatting!
Ynskjer å takke alle
dei fine gjestene
våre som har vore
innom, og gjeve oss
tru på at det er mogeleg
å drive som me gjer!!
Me seier tusen takk,
og ynskjer alle ei
nydeleg fin jol!!


Ope 
12-16
i dag, med
graut ifrå
kl 13.
Velkomen innom:)


Gode klemmar
og tusen takk!! 
Hilde, Turid og Irene
*klem*klem*klem*

onsdag 14. desember 2011

Siste veka med ope før jol

Ja, dette er siste veka me skal ha ope dette året... Me tek no ein lang og deilig joleferie som faktisk varer ut heile januar! Men du er hjarteleg velkomen innom denne veka tor12-16, fre12-17 og lau12-16.

torsdag 8. desember 2011

Gåvekort og kaffikort

Patina har no laga gåvekort og kaffikort... Heilt heimalaga sjølvsagt:-) På gåvekortet kan du sjølv velje beløp, medan kaffikortet kostar 150kr. Då kan ein sjå fram til å kose seg med 6 koppar valfri kaffi. Du er hjarteleg velkomen tor12-16, fre12-17 og lau12-16.

onsdag 7. desember 2011

Vinteren er komen!

Det er så deilig med snø og sol! Og om ein i tillegg har fri, då.... I dag går me på ski og i morgon er me på Patina:-) Velkomen innom!

lørdag 3. desember 2011

Jolemarknad på Evanger

Jolemarknad her på
Evanger idag. I regi av flinke
kvinne og familielaget!!
Mange utstillarar
både ute og inne..
Her er noko for alle..til 
og med joleverkstad for borna..
Velkomen til ein kjekk dag.
Patina har ope i det
same tidsrommet
12-18
Håpar du trossar litt regn
og tek turen:))

torsdag 1. desember 2011

....sjølvsagt ope i dag òg
12-16, og du er
hjarteleg velkomen
inn i varmen i
dette ruskeveret:))

mandag 28. november 2011

Stort og mektig

Naturen viser fram kreftene sine i desse dagar. Då er det godt å trekkje innomhus og kose seg saman. Minner difor om årets siste strikkekafe tors 1.des kl. 19. Ynskjer du berre å gå på kafe/kjøpe nokre jolegåver, er du og hjarteleg velkomen:-)

lørdag 26. november 2011

Me har tent vårt
lysande sjølvlaga
hjarte...og er
klar for koselege
førjulsdagar..ventar
berre på snøen...
Ynskjer alle ein
strålande fyrste 
advent i morgon:))
På gjensyn 
på torsdag:))
Klem frå oss:)) 

torsdag 24. november 2011

Bu på Patina?

Velkomen til Patina!
Her kan du kome og ta deg 
eit lite avbrekk i ein
kanskje elles so travel
kvardag?
Kafeen er open tre dagar
i veka (tors-laurd).
Me serverer gode kaker,deilig kaffi,
og smårettar..alt heimelaga.
Ynskjer du å overnatte,
står to koselege
leilegheiter klare
til å ta imot:))
Sjå prisar innpå
husvære-sidene over her,
og fleire bilder:)
Kanskje me ser deg?
Du skal iallefall
vera veldig velkomen:))

tirsdag 22. november 2011

Ski-NM på Voss ?


Eit bilete av Patinanistene
servert til kunstnarane i helga.
Kjekke folk og god stemning !

Eit lite tips om du er tenkt deg på
Ski-NM
på Voss i slutten av januar,
eller veit du om andre som skal,
som ikkje har ordna seg overnatting ?
Me har framleis ledig i våre flotte husvære.
Nært både tog og buss,
og berre ein halv time til skiarenaen.
Løp og kjøp, seier me berre ;)

søndag 20. november 2011

Tradisjonsmat

Me Patinadamer syslar med så mangt. Turid har gard med røykhus. Slik tradisjonen er her på vestlandet. Og pinnakjøt og rullepylser lagar me sjølvsagt sjølv:-)
Kunstnarseminar på Evanger 
 denne helga,
og Patina samarbeider 
med vår flotte nabodame, og kunstnar 
Mona Nordås i
 Evangerista-Kunst-og-kulturhus
 Me står for
lunsj, kaffi og kaker:))
I tillegg bur halvparten
i våre leilegheiter.
Veldig kjekt å samarbeide 
på denne måten:))
Fin søndag til
alle:))

lørdag 19. november 2011


Julekjole i finaste neonrosa
finst på Patina..løp og kjøp..
Eller kva med ein gamal skuleplansje..?
(fleire ulike motiv)
Eller heimelaga julepynt..:))
Iallefall..
Kom ned og la deg 
inspirere:))
Ope laurdag 12-16:))
Graut frå kl 13
Velkomen alle som ein:))

torsdag 17. november 2011

Nye joletre

Patina er så heldige å ha ein møbelsnekkar i vår aller næraste omgangskrets. Desse har ei Patinadame teikna og ein snekkar saga ut:-) Kjempe fine!

tirsdag 15. november 2011

Ei salig blanding i 
butikken..
Nytt, gamalt, heimelaga..
Noko fargerikt..
noko fargelaust..
I tillegg til kaffi,
kaker og deilig 
heimebaka brød med
lokalt pålegg bla.
Ta turen innom oss
no i førjulstida..
Til ei stille stund..
litt vekk frå kjas og mas..
Ope tors-laurd
12-16 og
17 fredagane.
Du er hjarteleg
velkomen:))

mandag 14. november 2011

lørdag 12. november 2011

 Ynskjer alle ein fin
laurdagskveld!!
..Og heia Kari Traa..
spennande, spennande!!
Klem frå oss:))

torsdag 10. november 2011

Strikkekafe..

Tid for ny dag
på Patina..
Ope 12-16.


Fine julekuler i 
butikken..


Og hugs på at
I kveld er det 
strikkekafe:)
Då opnar me
igjen
19-21.30
Håpar å sjå 
deg då òg:)
Alle er velkomne..
med el utan 
strikketøy:))

mandag 7. november 2011

Litt produksjon
på gang..Noko
gamalt som får
nytt liv..
Gamalt hekletøy
blir noko anna
enn opprinneleg tenkt..
..og tomme skjermar
får strikkatrekk:)
Alt er gjenbruk..
herleg å jobbe sånn..
God veke til
dykk alle:)
Klem frå oss
på Patina:)

lørdag 5. november 2011

Graut...

Laurdag i dag,
og me serverer graut
ifrå kl 13..
Velkomen innom
til ei koseleg
stund hjå oss:)
..Kanskje ei olje-
flaske frå keramikar
Linda Lid
er noko som freistar?
..jolegåvetid..veit du..
Open 12-16
Ser deg då..sant:))

torsdag 3. november 2011

Utsikt frå 
kjøkkenvindauga
til ei av
Patinadamene:)


Velkomen innom
i morgon.
open
12-17
Ha ei fin 
torsdagskveld:))

tirsdag 1. november 2011

Både artige naturkuler
frå Madam Stoltz..
og heimelaga
jolepynt på Patina..
På gjensyn  
torsdag 
12-16
Velkomen
innom:)

onsdag 26. oktober 2011

Velkomen innom
til ny Patinaveke
i morgon..
Planen vår er då 
sofakrok..
Det kan
bli veldig
bra:)
Open
12-16
Snakkast!

fredag 21. oktober 2011

Tips til julepynt..
Ingenting er vel finare
enn heimelaga papirhjerter
på joletreet..
El kva med å stive 
nokre små brikker
i sukkerlake og heng opp..
Veit at det er 
ei stund til jul,
men skal ein lage 
noko moro må ein 
byrje no:))
Kom innom til
deilig kaffi, herleg
karamellkake..el
varm epledrikk feks..
Bli inspirert..
eller start jolehandelen
her:))
Vekomen alle..
open 12-17
på fredagane:)) 

torsdag 20. oktober 2011

Tida går fort..
iallefall om ein
skal lage jolegåvene
sjølv..


 Minner om 
strikkekafeen i 
kveld kl 19.00-21.30.
Alle er velkomne,
med eller utan
strikketøy..


Men fyrst vanleg
kafedag, med 
alskens godsaker:))
Ope 12-16
Velkomen:))

tirsdag 18. oktober 2011

Strikkekafe 20 oktober

Komane torsdag er det strikkekafe og open butikk frå kl.19. Ta med deg eit handarbeid og ta deg ein tur då vel:-) Me har som vanleg ope 12-16 tidlegare på dagen og...

torsdag 13. oktober 2011


Me har fått ein
del telefonar opp
igjennom åra her
på Patina...
..og diverse magasin
 vil gjerne 
ha oss til å opne
heimane våre for
 fotografering..
Me vil jo ikkje vere 
vanskelege..og enda
opp med å sei ja
enno ein gong..
Denne gong vart
det Irene som "måtte"
til pers..og resultatet
finn du i siste
Rom123 nr 9..


Elles er hausten
komen for fullt,
og det var fyrste 
frostnatt i natt..
..så smått begynt
å få på plass
litt julepynt..
Og litt nye godsaker
frå Madam stoltz
er på plass i butikken.
..og so kaker då...
og kaffi osv..
Open 12-17 på
fredagar.
Velkomen:)) 

torsdag 6. oktober 2011

Fine kort

Superfine kort på 
plass i butikken...
av flinke Katrine Kalleklev:))


Kom innom og sjå då vel:))
opent fredag
12-17
Velkomen:))

onsdag 5. oktober 2011




Patina har vore heldige og fått massevis av garn frå
ei dame som rydda i heimen. TUSEN TAKK!
Dei minste nøstene fekk vere med opp til Elje,
og har no vorte til ein
RESTEGARNPUFF:-)
Me har framleis mykje garn att, så me strikkar enno......

mandag 3. oktober 2011

Om det pøsregnar 
og bles
ute, er det
alltid lunt og 
koseleg inne på
Patina...
Hugs..me har opent
att frå
 tors-laurd
12-17
(fredagar til 17)
Snakkast då:))
Og ps..hjarteleg
velkomen til nye fylgjarar
på bloggen her òg..
Veldig kjekt!!
Klem frå oss:))

lørdag 1. oktober 2011

Lampeskjermar kan
brukast til så mangt..
I dag vart det loppemarknad
før opning på to
 av Patinadamene..
Fine skattar er på
plass i butikken:))
Ha ein god kveld,
alle saman:)

fredag 30. september 2011

Ein koseleg dag
i går,
med strikkekafe som
avslutning..
Det kom folk
både frå andre sida
av fjellet, og 
nabobygda..
Kjempekoseleg!!
Me prata, strikka,
kosa oss..
Rett og slett!!
Ny kafèdag i dag,
og DU er sjølvsagt
hjarteleg 
velkomen!:))
Hugs ope frå
12-17
fredagar!

torsdag 29. september 2011

Nye opningstider og strikkekafe

Nye opningstider
i haust:
Tors-laur
12-16
(fredag 17)


Minner om strikkekafe
i kveld 
kl 19-21.30
Ta med deg strikketøy,
hekletøy el anna 
handarbeid..
Me kosar oss ilag,
og prøver å 
produsere noko 
sjølvlaga til jol feks.
Patina sel kaker
og kaffi..mm:)
Hjarteleg velkomen:) 

tirsdag 27. september 2011

Strikkekafe

Patina lagar til
strikkekafe
torsdag 29.sept kl.19-21.30.
Ta med deg eit handarbeid og kom då vel!
Me skal ha strikkekafe
kvar 3.torsdag fram til jol.
Kom på kafe,
kos deg saman med andre
og kanskje lag nokre jolegåver...?
DU er i alle fall hjarteleg velkomen!
Litt bilder frå 
butikken idag òg..
God tysdag til alle!
Klem frå oss:))

torsdag 22. september 2011

 Nokre nye bilder
ifrå leilegheitene våre
ikveld..
I morgon har
me ope på Patina
ifrå 11-17,
men det er stengt
laurdag og søndag..
hugs det..!
..Me skal på bolig og
interiørmesse i
Bergen by!!
..og me gledar
oss:))
Hurra!!

tirsdag 20. september 2011


Litt bilder
ifrå butikken
i dag:)
Fin tysdag til
alle:)

lørdag 17. september 2011

Graut på Patina idag
ifrå kl 13...
eller kanskje kaffe mokka?

søndag 11. september 2011

Søndagskveld hjå
Patinadamene etter
fine dagar..
No litt
fri, før me
snart er
tilbake..
Bilder av både
påbegynt strikketøy,
og eit tips om
korleis ein
kan bruke ein
gamal hekladuk
etter bestemor..
Klems:))

torsdag 8. september 2011



Me har fått
inn mengder med
garn...i
heilt nydelege 
fargar..i ekte 
rein ull:)
No skal me
 strikke
noko kjekt..
Hurra!!:)
Småbrikker har
me òg fleire 
av..heng dei
opp på 
veggen istaden
for på bordet
feks..
Elles har den
eine Patinadama
fri idag, og då 
måtte ho nett
hekle nokre
trekk til
te-glasa våre..
dei er so utruleg
varme nemleg!
God torsdag
til alle
og einkvar:))

onsdag 7. september 2011

Månadens grunder !



Tenk !
Me er kåra til månadens grunder hjå Kvinnovasjon !
Det er ei stor ære :)
Dersom du har lyst og lesa artikkelen om oss, kan du finna den her.
Me seier tusen tusen takk !

Og dersom du har lyst og ta turen innom til oss ein dag,
så har me ope torsdag til søndag i to veker til. Siste helga i september held me stengt, for så å byrja med nye opningstider frå oktober : torsdag - laurdag .
Velkomen !

lørdag 3. september 2011

Herlege klede frå PompDeLux


Tirsdag 6.september skal me ha kle party på Patina.
PompDeLux har klassiske skandinavisk inspirerte klede
for dei søte små.
Størrelsar opp til 152.
( Bildet er henta frå deira nettside )
Og ja, hausten er jo godt igang, og kanskje er du allereie byrja tenkja jolepresangar.... ?
Uansett er du velkomen innom til oss denne kvelden
for inspirasjon og hygge :)
Me opnar kl 19, og freistar med både kaker og kaffi.

torsdag 1. september 2011

Nye gamle dukar og sykkelløp.


Som tittelen seier så har me fått inn ein del nye, for oss, gamle dukar. Desse har no fått vaska og lufta seg på klessnora før dei er på plass i butikken. Og så må me få minne om Sykkelrittet Den Grøne Sløyfa som går frå Evanger til Eidslandet (mosjonsrittet er frå Lavik til Eidslandet) på laurdag. Påmeldingsfristen har gått ut, men kom og heia litt då! Patina er som vanleg ope torsdag-sundag 11-17:-)