onsdag 29. juli 2009

Madonna



Her er ho !
Årsaken til at me lyt stenga butikken vår dei to neste dagar.
Me skal på konsert med sjølvaste stjerno :)
Og gjett om me gledar oss :)
Blir rein jentetur med knis og fnis, rock`n roll, vrikk og hopp og ellers alt so høyrer til ;)

La isla bonitaaaaaaaaaaaaaaaa !!

tirsdag 28. juli 2009

Hytteliv

Her har visst bloggen stått stille ei stund. Eg har vore ei veke på hytto vår, ein nydeleg plass ved sjøen. Har fått fylt opp frysen med fisk og blåbær, som det var fullt av !




( Nokre fiskarar sette opp eit makrell steng, som det var spennande å fylgja med på )

Då veret ikkje viste seg frå si beste side denne veka, hadde eg heldigvis vore så lur å ta med meg symaskina. Og eit skikkeleg retro stoff hadde eg også med.
Sidan det nærmar seg Balkanfest på Evanger fekk eg lyst å sy nokre skjørt som me kan selgja i butikken vår. Sydde åtte omslagsskjørt i ein fei, og har berre litt småplukk igjen før dei er heilt ferdige :)


Denne veka har Patina-damene tenkt seg på tur ilag, saman ei anna veninne :)
Meir om dette sidan... ;)

fredag 17. juli 2009

Studietur til "Eplet" og Solvorn
-perla ved Lustrafjorden.

Når ein skal starte opp med noko nytt må ein ut og skaffe seg kunnskap. Me tok turen til Eplet som ligg i Solvorn. Der er det ein kar som har starta opp med noko skikkeleg unorskt: eit hostel. Det var ein skikkeleg opptur! Me kom til ein frodig gard med ein hage full av bringebær. Rundt oss var der utruleg trivelege folk frå heile verda (Eplet satsar ut mot den utanlandske marknaden). Me låg på sovesal saman med ei dame frå Uruguay, så no veit me ein god del meir om det landet! (i tillegg til at me veit mykje meir om kva turistar ser etter når dei kjem til det flotte landet vårt).




Me hadde med oss ungane til Eplet, og dei stortrivest med kopplam i hagen, klatrevegg på kjøkenet, crocket-golf og gratis utlån av syklar. Me vaksne storkosa oss med fantastisk vertskap, fantastisk utsikt, fantastisk god heimelaga eplejuice og bringebærnektar, og rett og slett ei deilig helg i Solvorn.
Dei har vore utruleg flinke til å ta vare på detaljane på den vesle tettstaden sin. Og slikt likar me! Sjå berre på dette flott, gamle skiltet som er nede på kaia:




Både vaksne og born tykkjer det er moro å gå på tur når ein samstundes kan verte informert om kva ein ser langs vegen på slike fine infotavler:



Det er ofte så lite som skal til før totalopplevinga løftar seg fleire hakk! (Det må me hugsa på no når me skal setje i gang vår prosess og.....)

Må og få lov å vidareformidle nokre stemningsbilete frå Solvorn:





Konklusjon:

Eplet var ein flott stad å overnatte! Og Solvorn var ein flott stad å besøke! Me kan på det varmaste anbefale alle å ta turen dit.
(-og då har me heilt gløymt å nemne at me aldri har ete så god hamburgar som me fekk servert på Linahagen kafe som ligg nede ved kaien. Og me har heller ikkje nemnt at når me vert eldre og rikare så skal me reise og overnatte på flotte Walaker hotel som og held til i same grenda...)

-t-

torsdag 16. juli 2009

Gato søkjer liv !



Gato vår er så tom for tida !
Me treng litt liv i alle dei små lokala som står tomme !
Sjå berre her :
Her er banken vår, som snart skal leggast ned...

Rongahus kafèen står tom....


Her inne er berre kommunen sitt rot...


Ein privat kjellar som ser frykteleg tom ut !

I den gamle matbutikken er det vorte leilighet, men døra viser at ein gong var her aktivitet...


Heldigvis, er me ikkje heilt åleine :)


I dette huset var det ein gong ein bakar... ( Sukk )



Litt brustein hadde gjort seg..., eller i det minste ein heil asfaltflekk over heile gata...
Tja, melankolien tok meg visst litt og eg tok til å drøyma om korleis det eigentleg kunne vore her på Evanger...
Kanskje skulle ein levd på 40-talet, då var det aktivitet i alle lokale og eit stort handelssentrum her.

Finns det ei kreativ sjel der ute ?
Oppfordringa er herved lagt ! :)

tirsdag 14. juli 2009

Hage

Det har vore atter ein fin ettermiddag med sol og herleg sommar :)

Litt bilder frå hagen...





Mannen min er snikkar og har laga amerikanske hagestolar, I like :)





Bonica-rosene er kjempefine...



Kanskje kjem regnet dei snakkar om.... Best å nyte sola medan ho er her :)

fredag 10. juli 2009

Sommar og inspirasjon



Deilig ver idag og :) Blomar er satt ut på bordet vårt og det er stille i Gato idag.



Kom heim med mykje inspirasjon etter ferieturen, og måtte laga noko i full fart. Veit ikkje heilt kvifor eg enda opp med denne oppslags-bilde-ramma, men trur det helst var fordi eg også fekk ein plutseleg trang til å rydda i heimen..... og dermed ville eg kasta dei gamle bordskånarane frå Ikea, laga av kork. Hm, kanskje dei kunne brukast til noko.... Ja, kvifor ikkje :)



Synes denne retrokjolen er so fantastisk kul ! Idag måtte eg henga den fram litt, so eg retteleg fekk beundra den :)
God sommardag vidare og ei god helg i vente :)


mandag 6. juli 2009

Ein inspirerande ferie

I am back in town, til vesle Evanger, etter ein super duper ferie med familien, til Danmark og Sverige.

Eg elskar å feriera i desse landa, og spesielt med eit slikt fantastisk ver me har hatt frå dag ein av.

Det er noko eige med små danske landsbyar med fine bindingsverk hus med stråtak, alltid ein bakar på hjørnet og deilig stor vaffel-is med jordbærguf og softis. Å køyra gjennom enger med korn og skimta ei vakker kyrkje i det fjerne. Eller eit spennande slott...


Bruktmarked og små spennande butikkar...
Deilige sandstrender som innbyr til eit forfriskande bad.

Me budde to netter i Valby i København, etter å ha lest om det i siste Boligliv, måtte jo det prøvast. Me budde på http://www.bedincph.dk/ som var midt i blinken. Koselig og fin leilighet og bra beliggenhet i forhold til buss/ tog inn til Køben. Me fann fram til nokre av butikkane frå artikkelen i Boligliv, blant anna Moster Olga. Veldig fin butikk :)

I Sverige prøvde me ut to vandrarheimar, ein i Halmstad, Knebildstorp Gård ( fint, men litt nytt og upersonlig ) og ein i Hunnebostrand ( enkelt rom, inkl. frokost, og i fine omgivnader som verkeleg inspirerte ).

Hunnebostrand var ein utruleg sjarmerande skjærgårdslandsby, eg berre måtte ta bilder av nokre av dei fine husa nede i sentrum.




( Skulle berre nett ha flytta dei bilane framfor.... )

Når me er på tur i Danmark og Sverige høyrer det alltid med å få med seg så mange loppis og bruktmarked som me kjem over :) ( Og heldigvis er det ikkje berre meg i familien som likar dette, til og med eldste dottera vår vart svært interessert, då ho fekk det for seg at ei gamal settekasse, det SKULLE ho ha ! Ho gjekk skuffa ifrå mange loppis, enten hadde dei ikkje, eller dei var for dyre.... Til slutt måtte me krype til korset, og kjøpte ei på Grei Handel ( nær Hønen-krysset ved Hønefoss ) Den var også dyr, men, men... Eg er jo i grunnen glad for at ho heller ynskjer seg ei gamal hylle, enn ei ny, som kanskje ikkje er så fin ;) )

Dette biletet måtte eg berre ta. Sjå kor spennande det ser ut !!
Eit ekte svensk loppis mellom Hunnebostrand og Fjellbacka :) :)

Fann som vanleg mykje fint... og rart, men alt får ein jo sjølvsagt ikkje med seg heim dessverre....
Har heldigvis ein mann som er veldig flink å laga plass i bilen, så litt vart det no :)
No skal det sorterast, noko til meg sjølv og noko til butikken.
Her ser de litt av det me hadde med...




Då har eg henta inspirasjon til mangt og mykje.
Hausta mange gode erfaringar både når det gjeld overnatting, butikk og kafè.
Fekk også mykje inspirasjon til å laga noko, så no spørs det om eg får setta igang med symaskina etter gamalt...
Ynskjer god sommar vidare til alle, og gode turar til dei som skal det.
No skal eg jobba litt igjen, og torsdag og fredag er eg klar for butikken :)
- Hilde-