lørdag 26. mars 2011

Ny nettside og blogg

Hei alle som fylgjer oss på bloggen :)
Me set stor pris på dykk alle !
I desse dagar driv me og prøver laga ei ny nettside, eller det vil sei me prøver laga bloggen vår om til ei nettside. Dette fører til ein del rot med nett adresser og slikt. Så om bloggen vår ein dag ikkje finst på den gamle adressa, kan du gå inn og sjå på nettsida vår http://www.evanger.net/, så skal me legge ut info der ;)
Dette er me langt ifrå ekspertar på, som mykje anna, så det skal nok brukast nokre timar på dette og ;)
Gode råd tek me imot om nokre har...
God helg !

søndag 20. mars 2011

Ord for dagen


På Patina har me nokre gamle Scrabble bokstavar som kundane kan "leike" seg med medan dei kosar seg med kaffi og kake. Dette fann eg då eg skulle rydda litt etter ei lokal ungjente:-)
Me gledar oss til august!

torsdag 17. mars 2011

"Vår" i stova

Kva gjer ein når ein lengtar etter vår, og det er minst 1,5m sno utanfor stoveglasa? Jau, då kjøper me oss nokre vårplantar og pyntar i stova! Samtidig slenger me opp den nye tapetremsa me har kjøpt frå bergensfirmaet Scandinavian Surface. Og vips, så vart i alle fall eg våryr!


Perleblom er vårblom nr 1 for meg.... Eller kanskje på delt fyrsteplass med snøklokker ;-) Men dei fann eg ikkje i blomebutikken.



onsdag 16. mars 2011

Kontstrikk..


I går hadde det lokale kvinne-og familielaget
møte på Patina. Mange damer, både eldre
og litt yngre, hadde eit koseleg møte
der me fekk ein kort innføring i den
gamle strikketeknikken kontstrikk.
Spennande å lære eit håndverk som kvinner
før oss sat og arbeidde med....og som kanskje er
i ferd med å forsvinne..
Denne teknikken vart det laga både sokkar og
huer av..
Dette vil me nok drive meir med på Patina...

I morgon har du på ny sjansen
til å stikke innom oss.
Me har ope 12-16
tors-fre-laur
Velkommen:)))

mandag 14. mars 2011

Ein nydeleg mars-dag



Idag måtte eg berre ut i sola og gå ein tur !
Heldige meg som kan :)



Evangervatnet låg blikk stille, og all snøen rundtom laga vakre bilder.



Me er heldige som har slik vakker natur rett utanfor, heldige som ikkje opplever jordskjelv og tsunamiar som kan øydelegga det heile på få minutt.....



Ein nydeleg dag !

lørdag 12. mars 2011

Undervegs bilder

På tide og visa nokre "medan me driv på "- bilder ;)
To flinke snikkarar har drive på sidan januar og me har sjaua litt innimellom. ( Me, er also våre tre kjekke menn også, dei stiller velvillig på dugnad....iallfall trur me det ;) )
Bilder for korleis det såg ut før me byrja, kan du sjå her



Dette vert stove/ kjøkken i leiligheten i andre etasje.



Gangen i andre etasje, bad vert inn til høgre og stove/ kjøkken i enden...



Soverom med hems.



Ny trapp opp frå gang nede. Blikk inn mot stove i leilighet nede.



Frå stove/ kjøkken nede, soverom til venstre og gang til høgre.
Det skal seiast at eg rydda ikkje så mykje før bildetakinga.... Vart visst ein lang svart ledning med her...;)



Idag har me bl.a vaska dei gamle golvplankane som var øverst på loftet. Dei skal no gjenbrukast til vegg og til tak. I ekte Patina ånd :)
Her er mykje arbeid att endå, men sjølve snikringa nærmar seg slutt.
Dette vert ei røyrleggarveke ;)
God helg litt til og ei god veke deretter :)

fredag 11. mars 2011

Scandinavian surface

..sine tapetremser er
på plass i butikken..
Mange fiine mønster..
Kom og sjå!!

onsdag 9. mars 2011

Nytt og gamalt..


..som hånd i hanske....
Her er berre eit lite glimt
av utvalget me har
i butikken for tida..
Mange nye varer frå House doctor
er òg på plass i hyllene...
Snope, snope..
det hadde eg gjort..
viss eg var deg..:)
Uansett er du hjarteleg velkomen innom:)
Ope 12-16
tors- fre- og laurdag

tirsdag 8. mars 2011

Gamle skulekart

Me har tidlegare vist bileter av skuleplansjane me fekk inn her tidlegare (me har berre nokre få att no), men eg trur ikkje me har vist nokon av dei flotte karta. Me har nokre få, godt slitne, kart over verda, Jødeland og Nordland/finnmark.



Og når ein er ferdig med å kikke i butikken håpar me du let deg friste til å ta ein kaffi og kake. Desse sitron og valmuefrø-muffinsane (me er ikkje så glade i ordet cupcake...) er i alle fall veldig gode! Då sjåast me då?

Ynskjer alle ei glimrande veke!

tirsdag 1. mars 2011

Godt å vera igang att




Fekk knipsa litt bilder frå kaféen vår på laurdag.
Mange folk var innom den dagen, og det var høg stemning i lokalet :)
( Bildene er sjølvsagt knipsa FØR alle folkene kom, he he ;) )
Det var godt å koma igang igjen, og godt å få rydda opp i butikken.
Me kosa oss litt sjølve også, med herleg cappucino, og litt testing av Chai latte, som vart ganske bra !



Me har fått inn Pukka te, mmmmm, dei er både gode å drikke og fine og sjå på.
Snikkarane bankar på vidare, røyrleggar er på veg, elektrikar har gjort fyrste del av jobben og me har hatt mange dugnadstimar til no og skal ha endå fleire framover.... Men det er no skøy og !
Kom gjerne innom oss torsdag, fredag eller laurdag :)