Har du ein gamal og litt tøff fryseboks som er lite energieffektiv...? Denne såg eg langs ein veg som vert kalla "brattbakken". Der treng dei strøsand, og fryseboksen hadde tatt på seg jobben;-)
Patinadamer trossar både vegmelding og værvarsel når det er bruktbutikkar i sikte... Her eit lite stemningsbilete frå Hemsedalsfjellet, då ein av Patinafamiliane reiste austover. No er bruktbutikkar saumfart og nokre godbitar lagt i skiboksen (takk og pris at den ikkje var full av ski!!).
Fjella rundt Evanger er bratte. Ein fordel med det er at ein på kort avstand kjem høgt opp. Opp til mange flotte utkikkspunkt. Denne utsikta finn du om du køyrer Bjørgåsvegen fram til Mugås gard. Om du då snur deg, kan du sjå dette.
Me er heldige me på Evanger:-)
torsdag 16. februar 2012
Sånn ser det ut på Patina idag...ikkje mykje vår i sikte.. Men me er like blide, og inne er det godt og varmt:) Ope til 16 i dag, og alle er hjarteleg velkomne:))
Deilige økologiske varer er på plass i butikken.. Mjøl, havregryn, valnøtter og sjokolade i lausvekt, blandt mykje anna snadder:)) Ein herleg dag i går, og satsar på nok ein fin dag idag.. Velkomen innom:)) Ope 12-16
Ein FANTASTISK kveld!!! Building instrument (Åsmund Weltzien, Øyvind Hegg-Lunde og Mari Kvien Brunvoll) hadde konsert på Patina i kveld...og det var berre heilt NYDELEG!!! Tusen takk for ei musikkoppleving å leve lenge på!! ...og lukke til med plateinnspeling i morgon!! Dette var andre gong det var konsert på Patina...og det gjekk veldig bra!! Takk til alle som kom!! Eg og Turid smiler enno!!