Viser innlegg med etiketten Kafe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kafe. Vis alle innlegg

søndag 14. juni 2015


Brukar eit bilete frå ein tidlegare sommar, og ser fram til, og ynskjer oss varmare dagar snart...


Om ei veke utvidar me opningstidene våre. 
er det SOMMAR!!!
Opningstidene frå onsdag 24.juni vert:

ONSDAG - LAURDAG KL 11-17

Me gledar oss til å sjå deg i sommar :)

torsdag 9. april 2015



Det har vore ein fin vinter med veldig mykje snø i området. 
No ser me våren kome for fullt og me gledar oss til ljosare dagar.

Me opna butikken og kafeen i februar, og opningstidene der er:
Fredag og Laurdag kl 11-17

No er også leiligheten i 2.etg klar for utleige att, etter at Turid med familien har budd der i vinter.
Me gledar oss til å ta imot gjester frå fjern og nær :)
Book gjerne på Booking.Com eller skriv ein e-post.

Du er velkomen innom :)

onsdag 28. august 2013


 
 
 
Om du skulle få lyst til å gå deg ein tur i dette
vakre fjellområdet ( inngangen til Stølsheimen ),
så er det berre å gå, sykle eller køyre frå Patina,
den 6 km lange vegen som går opp til Tippen,
ved ca 750 moh.
Då er du komen over tregrensa og det er berre å byrje
på stien som går opp og innover mot Aoboranipa.
Har du ei helg eller nokre fridagar til overs i haust,
bestill gjerne overnatting hjå oss :)
Ellers er dei nye opningstidene våre no :
Tors - Laur kl 11-17
 
Komande helg er det Balkanfest Evanger !!!!
Kom, kom, kom :))
 


onsdag 10. juli 2013


Ein nydeleg sommardag på Evanger i dag !
Båten vår, den kvite,
er komen på vatnet, klar til bruk.
Om du overnattar hjå oss kan du få låne den
og ta deg ein koseleg ro-tur på Evangervatnet...
Eller du kan rusle deg ein tur i
nærområdet, her er merka turløyper :)
Send oss ein e-post eller ring oss,
me har framleis ledige leiligheter i sommar !
patina@evanger.net
0047 90957388
 


torsdag 20. juni 2013

Sommaren er her..
Turistane er her..
..og me er her..oh yes;)
I dag har me bla. hatt kjekke, koselege
damer på avslutningslag..
..og kjekke koselege menn på 
kveldsmøte..
..og morgon skal me lage lunsj
for ein heil gjeng..
berre sova litt 
no...før
 ny frisk i morgon
*smile*
(Ps: bildet til høgre er
ifrå eine leilegheita,
det andre borddekking 
i kafeen:))

Ope 11-17:) 

Hjarteleg velkomen!

onsdag 19. juni 2013


Då har me starta opp med våre sommar opningstider !
Det vil sei :
Tirs-lør kl 11-17


Me har også byrja å selgje klede frå Tiljamid Design.
Fargerike og fine mønster i små størrelsar,
i mjukt og deilig bambusstoff.

fredag 14. juni 2013




Butikken bugnar..
Det er helg og go´kjendsla..
Til og med ope i morgon:)
11-16

Velkomen innom:)

onsdag 12. juni 2013



Då var me klare for ein ny Patina-dag :)



Me har fått ny levering av flatbrød frå Guri !
Snart serverer me lokal spekemat med heimelaga potetsalat og flatbrød...
Det er sommar <3 font="">

torsdag 6. juni 2013





Om den eine Patinadama klarar
å stå opp tidsnok vert det
foccacia på menyen i morgon:)
..og ostekaker då...og krydderkaker, brownies 
og deilige kaffisortar osv..
Me kryssar fingrar..

Håpar du tek turen innom:)
..me gledar oss:)
ope 11-17 fredagar:)

onsdag 5. juni 2013

Me nyt lange fine, ljose sommarkveldar
her vest...
..og i dag er me tilbake på Patina:)
Ta deg ein tur!!
Ope 11-16
Hjarteleg velkomen:)

lørdag 25. mai 2013



Litt detaljar ifrå butikken
øverst, og so måtte eg berre ta
med eit bevis på at noko
blømer her på Evanger..
..til og med blå himmel er det!

Takkar alle som kom
innom oss, og ynskjer 
god helg:)

fredag 24. mai 2013


 
Ny fredag på Patina:)
I går kom litt fleire varer
til butikken. Mange fine
gåver, bla ei fiin hevekorg
til vakre brød..
..noko for den bakeglade:)
Dagen skal dessutan nyttast 
til å vaske leilegheiter
etter gjester, og klargjere
til nye:) Kanskje du òg kunne
tenke deg nokre dagar på Evanger? 
send oss gjerne ein mail
på patina@evanger.net

Ope 11-17 idag, kom innom
og prøv vårt nye sunne 
alternativ..frukt,grønt,nøtter..mmm
..og kaker då sjølvsagt..og god kaffi..
Velkomen innom:)

fredag 17. mai 2013


Ein fin og varm 17.maidag er snart over,
og det er alltid like godt å få av seg bunaden og
slenge beina opp i sofaen... ;)
Vel overstått til alle saman :)

Me har stengt i morgon, 18.mai.
Ynskjer alle ei fin pinsehelg !

mandag 13. mai 2013



Eit bilete frå årets konfirmasjonsdag på Evanger !

No er det snart 17.mai
og me ventar framleis på  at bjørka skal spretta...
Me skal ha ope på kafeen vår i år også :)

Kanskje vert det sol.... ?
Det er iallfall lov å håpa.. ;)

fredag 3. mai 2013


Ja, tenk, det er mai....
Me prøver å halde motet oppe og trur framleis
på ein god og varm sommar !

Kanskje har du lyst å ta ferieturen til Evanger i år ?
Den fine stølsheimen rundt oss innbyr til turar,
og her er kort avstand til både Bergen og Voss.
Me har framleis ledige leiligheter !
Send oss ein forespørsel på patina@evanger.net

Fram til varmen kjem, kan du gjerne kosa deg på kafeen vår
 med herleg kaffi, blings eller ein god is frå Alm Gard.

Våre opningstider er som før :
Onsdag til Laurdag kl 11-16
( Fredag til kl 17 )

Velkomen skal du vera :)


torsdag 7. februar 2013


Då er me godt igang etter den lange vinterferien vår.
Litt forandringar i lokalet måtte me ha...
Ommøblering, maling av golv, flytting av diskar...

Patinaniste er vorte til brødskive med godt pålegg,
sokalla BLINGS :)

Hugs at me har ope fleire dagar no :
Ons - Lør kl 11-16
( Fre til kl 17 )




onsdag 30. januar 2013



Me har nedteljing på Patina
om dagen, og gledar oss 
veldig til å opne att
etter vinterdvalen
på fredag 1 feb kl 11:))
Me gledar oss veldig til
å servere deg deilige
kaffisortar..


..og til at du skal kunne kome
hit for ei stille stund..


 ..kanskje finne litt inspirasjon..
kjenne på godfølelsen..


Mange nye varer er på veg inn..



 Me gledar oss veldig,
veldig til å sjå deg att:)))
Hjarteleg velkomen!!

søndag 28. oktober 2012



Helga vart innleia med konsert
frå denne kjekke karen,
Roberto Portillo.
Ei fin og avslappande stund.


Ellers er den fyrste fine snøen komen :)
Fint å gå seg ein tur i
fin natur...
 

mandag 22. oktober 2012

Fredagskaffi-konsert


Fredag fyrstkomande smeller me til med ein
konsert i kafeen vår !
Ein fin og intim ettermiddagskonsert,
før helga set inn for alvor.

Det gledar me oss til :)
Du er velkomen til å ta turen innom.

PS. Me held ope til kl 19 denne fredagen.


torsdag 20. september 2012

I morgon er det ny dag på Patina:)
Hausten er godt i gang, og
det er ekstra koseleg å
gå på kafe..sant?;)
Ope ifrå 11-18
Håpar me ser deg:)
Velkomen innom:)