fredag 26. juni 2009

Ny dag på butikken

Sommaren er komen til oss her vest, og det er berre heilt fantastisk. Sol ifrå blå himmel og heile 29 grader i skyggen!! Vart for varmt ute i sola, men inne i butikken var det svalt og godt, og eg kosa meg med litt syarbeid. Fine dukar til å ha over deigen medan han hevar seg, eller over dei nybakte ferdige bollane f.eks. Sydd av gamle stoffrestar i herlege fargar...








Sjekk også ut nettbutikken vår der me har masse godbitar...f.eks. denne nydelege veggstaken til to lys. Pris 295,-

onsdag 17. juni 2009

Støtte



Då kan me jubla over vår fyrste pengestøtte til Patina :)
Ein liten pott i denne omgang, til eit forprosjekt, for å finna ut litt meir om korleis me går til åtak på huset vårt. Spesielt i forhold til brannforskrifter.... ( Og det er jo kjempeviktig ! )
Veldig kjekt å ha fått tiltru til prosjektet vårt.
Vert nok ikkje den einaste søknaden me sender inn...





Dugnadsarbeidet står vel meir so i kø og ventar på oss, men, men. Det kan jo ofte vera både sosialt og kjekt, så her er berre å gå på med liv og lyst ! :)

søndag 14. juni 2009

Tuba in the air...



I rein glede og yr forventning til årets Balkanfest ( ikkje før i august... ) måtte generalen ta med seg tubaen sin og prøva akustikken oppe i fjellsida, på Tippen ved Styveshorgi.

Sjå den utsikta !




Då me kom heim heiv eg meg rundt og laga smuldrepai til kaffien.


Ei kjempeenkel oppskrift der ein kan bruka det fyllet ein har ( idag var det eplemos frå frysen )

200 g smør
200 g kveitemjøl
200 g sukker ( avh. av fyllet )
Legg fyllet ( epler, bær o.l ) i ei eldfast form. Fordel smuldreblandinga over.
Steik ved 200 grader i ca. 30 min
Nam !

fredag 12. juni 2009

Norsk design

Det finst utruleg mykje fin norsk design, bl.a frå Figgjo, Stavangerflint og Egersund. Mykje av det er bruksting, som er kjekke å bruka i kvardagen.
Tenk å eta egg frå desse fine Figgjo eggeglasa ein søndags morgon....
Eller kva med litt kaffi i desse koppane....
Denne vesle gule mugga er så utruleg sjarmerande...

Eit ekte fin Egersund Fajanse asjett, sjå det fine mønsteret og den litt falma og utruleg flotte fargen....

onsdag 10. juni 2009

Gjett kem som kjem i avisa ???

Lokalavisa for Voss, Hordaland, pleier kvar sommar å laga eit Sommarmagasin som fylgjer gratis med avisa i byrjinga av juni.
For nokre veker sidan hadde me besøk av ei koselig journalistdame med ein kjekk fotograf på slep. Me pynta oss med ekte retrokjolar, og laga til eit riktig so fint og sommarsleg bord utanfor butikken.
Me skjenka raud saft ( skulle sjølvsagt vore likør eller noko anna godt, men.... ) og lata som me var i selskap. Litt moro skal ein jo ha det :)

Bildene vart kjempefine og reportasjen kan me vel stå inne for ;)


Det var ellers mange fine reportasjar i bladet, mellom anna om den fantastiske Balkanfest Evanger, om om den spennande vegen gjennom Eksingedalen, Den grøne sløyfa, som ein f.eks kan sykla i sommar.
Jadda, GOD REKLAME !!! :)

søndag 7. juni 2009

Ein fin dag



I går hadde me ein flott Evangerlaurdag. Alltid kjekt når det kjem litt ekstra folk til bygda og folk som kjem innom butikken vår.
Me fekk malt bordene ute då me hadde dugnad :)
Litt meir kafèaktig her no. Passar fint med litt is og kaffi...
Ynskjer alle ei ny fin veke :)

torsdag 4. juni 2009

Evangerlaurdag

Veit de, dagane går so frykteleg fort, og av og til har ein det berre for travelt !

MEN, på laurdag er det den årlege Evangerlaurdag. Då er her eit yrande liv i den fine Gato vår, og me har sjølvsagt open butikken.


Her er utstillarar, salsbuer, ponniridning, tradisjonsmat, kafè, kassabilløp og agilityshow !
Og på butikken vår har me : IIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIS !!! :) :)

Me byrjar heilt i det små med litt diverse små-is, so får me sjå etterkvart... Det finns jo så mykje godt innanfor isen si verd.... mmmmnam....

Ta turen til Evanger på laurdag ! Det blir kjekt for både store og små.