Viser innlegg med etiketten I media / In the news. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten I media / In the news. Vis alle innlegg

onsdag 17. oktober 2012

Kamille jul

I siste Kamille jul, kan du lese
litt om den eine Patinadama:)
..Veit at det er tidleg med jul,
men sånn er det blitt..:)

Bildet til høgre er ifrå bladet,
det andre er ifrå hytta til
samme dame:)

Elles har me ope på fredag 11-18
og på laurdag 11-16
Håpar du kikkar innom:))

søndag 19. august 2012


Ei hektisk og kjekk veke er slutt.

To av Patinadamene har blant anna vore på
MADONNAKONSERT !!!!
Veldig kjekk tur til Oslo :)

Me har også teke det fyrste steget mot å
verte filmstjerner....
Men, der har me nok litt å lære...
Uansett kan du sjå videoreportasjen om oss
som har vore på bt.no idag.

Pinlig - pinlig - pinlig, og rødme....

Til helga er det Balkanfest på Evanger !
Då er det verkeleg verdt å ta ein tur !
Fin veke til deg !

søndag 17. juni 2012

Patinadame i Elle Decoration

Patina har nok ein gong vore heldig og fått fin omtale i eit godt interiørblad. Denne gongen var det ein fin-fin reportasje frå Hilde sitt hus og uthus. Og i små notisar vart det informert om Patina og Balkanfest. Veldig kjekt!


I denne flotte utestova kosar alle Patinadamene seg.  Her har me hatt mange kjekke sommarskveldar! Me har til og med teke eksamen her ute før me fekk serveringsløyvet vårt....

tirsdag 12. juni 2012

I forrige veke hadde me koseleg besøk av to
hyggelege damer:) Dei har laga fine innlegg
om oss på kvar sin blogg:) Sjekk ut her
og her. Tusen takk:)))
I morgon er me klar igjen,
og håpar du tek turen innom oss.
Snakkast:))

onsdag 16. mai 2012

Mamma

 
 
Denne månaden kan du kose deg med
ein nydeleg reportasje ifrå
hagestova og uthuset til den eine
Patinadama i siste nr av Mamma:)
...
Ynskjer alle ein fin
17 mai i morgon:)


Ope på Patina
10.30-13.00


Velkomen:))

søndag 29. januar 2012

Patinadamene i Boligdrøm


Patinadamene på trykk
i siste Boligdrøm (nr.2)
Løp og kjøp..
her er berre ein 
liten smakebit:)


God søndag:)

torsdag 13. oktober 2011

Me har fått ein
del telefonar opp
igjennom åra her
på Patina...
..og diverse magasin
 vil gjerne 
ha oss til å opne
heimane våre for
 fotografering..
Me vil jo ikkje vere 
vanskelege..og enda
opp med å sei ja
enno ein gong..
Denne gong vart
det Irene som "måtte"
til pers..og resultatet
finn du i siste
Rom123 nr 9..


Elles er hausten
komen for fullt,
og det var fyrste 
frostnatt i natt..
..så smått begynt
å få på plass
litt julepynt..
Og litt nye godsaker
frå Madam stoltz
er på plass i butikken.
..og so kaker då...
og kaffi osv..
Open 12-17 på
fredagar.
Velkomen:))