mandag 28. september 2009

Eplemuffins og eit glimt av sol...



Idag fekk eg kjempelyst på eplekake, og i vertfall når skapet var fullt i sjølvhausta epler. Om ikkje heilt frå eigen hage so iallfall med lov ;)
Det finst maaange oppskrifter på eplekaker, men idag fann eg ein oppskrift på eplemuffins. Og jammen var den ganske god og ganske lett å lage.
Deler gjerne den :

Eplemuffins 12 - 15 stk

3 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 1/2 dl sukker
1 1/2 dl kaffifløyte
2 ss smelta smør
Eplebiter frå ca tre epler

Strø med sukker og kanel

Bland mjøl, bakepulver og sukker. Ta så i fløyte og smelta smør. Rør.
Ta så i eplebitane. Ha i papirformer. Dryss sukker og kanel på toppen.
Steik på 200 C i ca 15 min.

Jumm jummm.....



Såg eit rart lys ute på ettermiddagen og måtte ta ein tur ut og sjå kva det kunne vera... ?


Trea står med vatn til knena og alt er berre vått !



Men, trur du ikkje SOLA kom fram eit lite glimt :)



Juhuuu huuu :) Då vert me so glad og me hoppar og sprett :) :)
Og so var det regn igjen....
Jaja.

lørdag 26. september 2009

Give away

Måtte nett inn og melda meg på ein konkurranse til, denne gongen på Give away hjå Duften av erteblomster. Ein kjempefin blogg :)
Eg må berre innrømma at eg er endå ikkje så god på slik kopling til innlegg og slikt....f.eks kopiering av bilder.....?? So, har mangt å lære endå i denne bloggverden....
Men, men, slik er det vel med alt her i livet, eller ?
Ynskjer alle ei fin fin helg vidare :)

Ja, eg får det visst ikkje til..... f...

fredag 25. september 2009



Hausten er verkeleg kome inn over oss. Det regnar og regnar og regna her på Evanger. I desse tidene er det kjekt å lage litt ekstra kos inne. Eg var svært så fornøgd med stillebenet mitt heilt til eg oppdaga at ein av ungane hadde teke ein bit av det eine eplet.... Litt sjarmerande det og?




Eg har kosa meg skikkeleg på Patina i dag. Har pakka opp det eine flotte Blafre-produktet etter det andre. Jammen er det kjekt å ha slike flotte varer i butikken! Og det er heller ingen ulempe at det er ei norsk vare (kanskje ikkje produsert i Noreg, men i alle fall designa av eit norsk par!).



Desse nydelege boksane er fine til å ha småting i på barnerommet, til bomullsdottar og slikt på badet, til knappar på syrommet og til te på kjøkenet...? Eller kanskje du kan lage til eit lite syskrin til ei lita jente som har bursdag..?


Endeleg nokre fine guteting utan hovudskallar på! Me har både lunsj-boks, drikkeflaske og småboksar. Med andre ord alt ein treng!
Lunsj-kofferten er og perfekt å ha som reiseveske i bilen, eller til å ha dei finaste matchbox-bilane i?

Patina-T

torsdag 24. september 2009

Litt Blafre....



Uhuuuuu !
Nett ein snartur innom, for å visa den kjempefine bursdagskalendaren frå Blafre.
Og eg gledar meg allerede til oktober, for då ser den slik ut...



Og slik fortset den kvar månad :)



Utfordringa ligg vel i å skriva so fint ein berre kan... eller ofte er det finast når ein berre skriv noko fort og hastigt.... eller kva når eldstejenta kjem og spør om ikkje ho kan få skriva alle navna som bør hugsast på gjennom året....
Ja, då blir vel det det beste trur eg. Ekte og naturleg :)

Idag slengte eg meg på eit lotteri hjå HippieChic.
Håååpar å bli den heldige vinnar av kjempefine retrostoff :)

I morgon skal damene samlast på butikken att, fredag og inspirasjonsdag :)
Me har alltid mykje som skal diskuterast og ordnast, og som regel kjem me ikkje gjennom halvparten av det me hadde tenkt. Men, men, koselig er det lell ;)
Velkomen innom til oss du og :) Hugs at me også har laurdagsope !

tirsdag 22. september 2009

Loppefunn

På laurdag var eg og Turid på loppemarknad i Bergen.
Me vart regelrett trøkka inn døra og det var kø og trengsel i alle rom, rett og slett alt for mange folk som pressa seg fram mot skrotet. Me fekk vel ikkje heilt den gode loppisfølelsen....
Litt småtteri fekk me no med oss, men bildene eg tok raskt i kveld vart ikkje spesielt fine dessverre.







Synes desse krydder dokkene var så fine. Dei fann me på loppemarknaden til dyrebeskyttelsen i Bergen. Ein mykje mindre marknad, men desto mykje koseligare :)
Her fann me også litt gamalt broderi, med freshe fargar.
Ein kjedeleg klokkestreng kan brukast til so mangt.... ;)



Idag tidleg dukka det også opp varer frå Blafre Design :) Jippi !!!!
Gledar oss til å få satt varene derfrå ut i butikken.
Dei har også ein fin blogg, som du finn her

Kos dåkk i haustregnet, eller sola, eller regnet, eller.... Ikkje godt å vita ;)

mandag 14. september 2009

Vakre Stølsheimen



Aaahh, for nokre herlege soldagar det har vore :)
Me berre MÅTTE til fjells i går !



Turen gjekk til Voladammen, ca førti minuttars køyrsel frå Evanger. Derfrå går det merka T-sti inn til m.a Volahytta. Dette er ein flott tur der det er fint å ha med ungane.



Tenk at det ligg slike fantastiske fjell omtrent rett utanfor stovedøra vår.
Når sola skin slik som desse dagane er det berre så utruleg vakkert, og ein føler seg heldig....



Naturen lagar sine eigne fotomotiv....



Eg tok også med meg litt rekvedplankar som Patina damene skal finna på noko fint med, vent og sjå ;)
Idag tok eg og Turid turen opp på Styveshorgi og plukka tytebær, deilige store tytebær som skal rørast til syltetøy.
Finaveret treng ikkje gje seg endå....

lørdag 12. september 2009

Laurdagsope er bra

Endeleg opnar me butikken også på laurdagar.
Har hatt ein god dag der idag. Dei kundane som var innom handla, og eg har fått gjort ferdig ryddejobben bak disken, som me alle tre byrja så godt på i går.



Me har laga ein vegg med den fine voksduken me har for sal.
Den har berre så utruleg herleg mønster, og den gjorde seg også godt som vegg :)



No kan me gøyma litt rot, som det merkeleg nok alltid blir nok av.... Sjølv om ein lagar aldri så gode system på ting...hm..
No blir det deilig med laurdagskveld og helg :)
Håpar alle kosar seg, og i morgon er det meldt sol her på Vestlandet...håpe håpe...

onsdag 9. september 2009

Fargerikt




Varene som me bestilte på årets gave-og interiørmesse er byrja koma i butikken :)
Litt småting til dei små, det må me ha !
Trur me har lagt oss på litt meir fargar enn me pleier....
I alle fall var varene frå Image Gifts&Toys både fargerike og morsomme.









Og slike glade fargar er godt å ha i en heller grå kvardag, då tenkjer eg mest på veret.... :(
For jammen er det ikkje noko eige med denne hausten og... Fyr i ovnen og te i koppen, og snart kan ein byrja gle seg til julemagasina....hi hi. Neidå, er ikkje byrja tenka jul endå, eg sa berre snart....tji hi :)
Om du vil oppmuntrast av litt fargar, so ta turen innom til oss då vel... :) :) Då vert i alle fall me GLADE :)
No har me ope torsdag og fredag frå 12 - 17 og laurdag frå 11 - 15




mandag 7. september 2009

Hekta på stoff



Ein haug vatt tepper.
Berre eit lite utvalg av alle dei fine mønster det finnst på slike dyner...
Veit ikkje kor mange slike tepper me har funne i containerar ( forresten lenge sidan siste containerdykk....isj ). Det virkar som om dyner, spraglete dynetrekk, gusjne gardiner, skitne dukar osv. er det fyrste som går i containeren ved store oppryddingar.
Kanskje ikkje så rart.... ?
Men for oss som ELSKAR slikt "skrot" er det reine juvelen å finna slike fine nydelege mønstra vatt tepper og anna stoff, hekla gardiner og små dukar som kanskje ikkje er heilt heile, gamle forklekjolar som er bøta både framlengs og baklengs...



Har vore ein rask tur innom Fretex idag og.
Fann ikkje så mykje, men dette fine prikkete skjørtet fall eg for.



Ha ein fortsatt fin dag !

lørdag 5. september 2009

Kreativ fredags-verkstad

Endeleg ein dag med SOL
Deilig :)

Me har funne ut at fredagane skal me samlast alle tre på butikken og gjera førefallande arbeid. Det kan vera kreativt arbeid eller kontorarbeid.... alt etter kva me har mest lyst til....



I går vart det sydd fine små posar til dei nye såpene me har fått inn nyleg.



Ellers vil me byrja å ha ope laurdagar framover.
So no kan dei som sjeldan rekk oss i ein travel kvardag, kanskje ta turen ein laurdag når det passar....



Denne nydelege kakeboksen fann me i Oslo.


Ynskjer alle ei fin september helg :)