torsdag 24. september 2009

Litt Blafre....



Uhuuuuu !
Nett ein snartur innom, for å visa den kjempefine bursdagskalendaren frå Blafre.
Og eg gledar meg allerede til oktober, for då ser den slik ut...



Og slik fortset den kvar månad :)



Utfordringa ligg vel i å skriva so fint ein berre kan... eller ofte er det finast når ein berre skriv noko fort og hastigt.... eller kva når eldstejenta kjem og spør om ikkje ho kan få skriva alle navna som bør hugsast på gjennom året....
Ja, då blir vel det det beste trur eg. Ekte og naturleg :)

Idag slengte eg meg på eit lotteri hjå HippieChic.
Håååpar å bli den heldige vinnar av kjempefine retrostoff :)

I morgon skal damene samlast på butikken att, fredag og inspirasjonsdag :)
Me har alltid mykje som skal diskuterast og ordnast, og som regel kjem me ikkje gjennom halvparten av det me hadde tenkt. Men, men, koselig er det lell ;)
Velkomen innom til oss du og :) Hugs at me også har laurdagsope !

1 kommentar:

Rosa sa...

So ku-huuuul!

Trur det vert kaffi på Patina idag ;)