torsdag 4. desember 2014

Årets jolemarknad på Evanger er
laurdag 6.des frå kl 10-18

Butikkar, kafear og snikkeri held ope,
i tillegg til gjestande utstillarar.

Økologiske og kortreiste matvarer, smaksprøvar, interiør, handarbeid, jolepynt-og gåver,
nissegraut med mandel, jolemat, heimelaga bakverk, honning, hudpleieprodukt, gløgg m.m

Verkstader for små og store mellom kl 11-15.30
JoleQuiz – NisseJam
( ta med deg eit instrument og ver med å rocke inn jola ! )...

Kveiking av jolegrana kl 16
til tonar frå Evanger Musikklag.

Velkomen til ein koseleg førjolsdag med ekte Skomakergatestemning ♥

Sjå facebook om meir info !

mandag 18. august 2014

Sommarsesongen er over og skulane og hausten er igang.
Det gjeld også på Patina.
Reduserte opningstider vert no :
Fredagar og Laurdagar kl 11-17
Leiligheten vår i 2.etg er for tida oppteken mellom søndag og torsdag, men er ledig nokre helger utover hausten.

Send oss gjerne ein e-post for meir info eller booking.

Velkomen innom oss i haust :)

tirsdag 15. juli 2014


Sommar og sol!
Varmt og nyydeleg...kan ikkje
hugsa sist me hadde det so varmt
her på Evanger, og Patina.
Kom og kjenn på sydenstemninga:)
Velkomen innom 
tys-laur 11-17:)
 Ynskjer du overnatte?
send e-post: patina@evanger.net

søndag 22. juni 2014

Sommaråpent


Skulen er slutt, og sommaren 
er her. Me har no ope fem dagar
i veka!!

Tysdag-laurdag 11-17

Velkomen innom
oss til den beste
kaffien, heimelaga 
kaker, god stemning,
interiørglede,
bruktglede
og mykje meir!

Velkomen:)

mandag 16. juni 2014

Overnatting under Ekstremsportveko


Det nærmar seg Ekstremsportveko på Voss 
og i og med at det har vore litt usikkert om me skulle leige ut husvære eller ikkje i sommar, har me faktisk ledig 
frå torsdag til mandag under Veko :)
 
Ei stor og flott leilighet med senger til 9 personar !

Me gjev ekstrem spesialpris med 250 kr pr pers pr natt ( ved 4 pers el meir, inkl sengklede, handkle og utvask ! )
Det går både tog og buss frå Evanger til Voss, 
eller det tek ca 17 min å køyre. 
Me er behjelpelege med transport elles om det skulle vera.

Ta kontakt på e-post : patina@evanger.net


lørdag 26. april 2014

Husvære til leige !



Ynskjer du å leige det eine husvære vårt på åremål,
har du sjansen no !
Husvære i 2.etg er klart til innflytting og ventar på
nokon kjekke leigetakarar :)

mandag 17. februar 2014

Huu heeeiii !!

Då har det vore stilt alfor lenge her...
Me opnar att etter ein lang vinterdvale,
LAURDAG 22.FEBRUAR
Me har fått inn litt "nytt" second hand
og litt nye varer frå House Doctor.
I tillegg har me mala golvet og ommøblert litt.
Kaffimaskina står berre og gledar seg til å verte brukt,
og me gleeeedar oss til å smake deilig kaffi att...
Me held ope laurdagar frå kl 11-16
 
Velkomen innom :)