Aktiviteter


E 16 går like forbi Evanger og Patina, og jernbanen likeså. Me er innfallsporten til Den grøne sløyfa, og her er kort veg til sommar-og vinteraktivitetar både på fjell og ved fjord, i tillegg til Voss og Myrkdalen sine flotte skianlegg som innbyr til flotte skiopplevingar.

Her kan ein velja og la bilen stå og rett og slett rusle ein tur oppover i skogen. Ta med nistepakke og sitt under eit vakkert tre, gå på gamle kongevegar, oppleve stemninga på ein gamal fjellgard eller få utsyn over Evanger frå Høgaberget. Her er mange merkte løyper som høver både for små og store. Om ein vel å køyra litt, kan ein kome langt til fjells på få minutt, eller til Voss og alle aktivitetane der, og til andre område ikring.


Om sommaren er det råd og ta seg ein forfriskande dukkert frå den gamle steinbryggja ved Evangervatnet.
Her har også Voss Raftingsenter endestasjon for sine raftingaktivitetar i Vosso.
Om ein har lyst og prøve fiskelukka, er det mogelegheiter både frå land og frå båt. Me sel fiskekort og me har ein flott gamal trebåt som me leiger ut.

Patina er ei syklist velkomen bedrift. Sjå nettside www.cyclingnorway.com for meir info. På Evanger kan ein sykle små turar i nærområdet, eller ta seg ein lenger tur via
Den grøne sløyfa.

På Evanger har me årlege tilstellingar, som eksotiske Balkanfest i august, Jolemarknad i desember og Evangerlaurdag i juni. Då yrar det med folk i gata og her vil vera ulike aktivitetar for både små og store.