Etter ein travel sommar med mykje helgejobbing, var eg ein av dei heldige av Patinadamene som fekk nyta ei frihelg med familien i herleg haust solskin :)
Campingvogntur i fjellheimen vart bestemt, men eg og Turid rakk nett ein tur innom eit par loppisar i Bergen på laurdagen :)) Dobbelmoro ! Fangsten kan de få sjå seinare...
I år er det enormt med krekling i fjellet, så ein klarar ikkje berre gå forbi...
Ungane syntes og det var moro å plukka bær, så me plukka over to kilo på veg heim frå ein lang tur inn til turistforeiningen si hytte, Selhamar, i Stølsheimen.
Patinadamene likar å prøva ut nye oppskrifter basert på råvarer frå naturen, og råsaft av krekling vart kjempegodt !
Det er ein fantastisk følelse og gå slik i fjellet, i slikt eit fint ver og med så flinke og kjekke ungar.
Fjella ligg rett rundt oss her på Evanger, og det finst eit uttal av vegar og stiar å velje mellom.