Då er to av Patinadamene reist til Oslo
på gave-og interiørmesse.
Vert spanande og sjå kva varer som
kan dukke opp i butikken framover.
Det som er sikkert er at me skal tilby meir
lokale, økologiske og andre gode matprodukt,
og det gledar me oss til.
Ellers driv me og malar golvet i kaféen,
nærmar seg opning att, torsdag 2.februar !
På Voss er det NM på ski i helga.
Dette vert stor stas for Vossabygda.
Me ynskjer alle lukke til og
VELKOMEN TIL VOSS !
søndag 15. januar 2012
Ein flott dag her vest, med litt duskregn.. Nydeleg i skogen uansett, og so godt å koma inn att etterpå med ein kropp som har vore i bruk!! Håpar du òg har hatt ein fin søndag:))
Me samlar inspirasjon til nytt Patinaår!
God veke folkens!! Klem:)
onsdag 11. januar 2012
Halloen!! Me er her also!! Berre stengt i heile januar for å sysle med sånne ting som ingen ser!! I morgon vert det vareteljing, og det er alltid moro;)) Hurra!!;)) Butikken er òg full av nye ting som skal finne sin plass..
Håpar alle har ein god start på det nye året! So sjåast me snart:))
Skal du, eller tenkjer du på, å reise til Voss og få med deg årets Ski NM? Me trur det vert eit knall bra arrangement! Manglar du overnatting, seier du? Då kan me hjelpe deg, for me har framleis senger ledig! Berre send mail eller ring:-)
søndag 1. januar 2012
Hadde ein strålande kveld i går! Heile Patinafamilen, og nokre til..
Då var me klare for nytt år og nye utfordringar:) Det håpar me du òg er:))