torsdag 14. mai 2009

Så var det jul igjen !

Ja, for her hjå oss har det liksom vore litt jul idag.
Frå tidleg morgon har huset mitt vore innvadert av eit tysk klekolleksjonsfirma som har tatt bilder til den nye jule-og vinterkolleksjonen sin ! Hi hi.... ;) Og løye har det i grunnen vore, ja ganske komisk for å sei det mildt :)

Artig at det norske casting firmaet fann oss blant alle dei andre fine hus der ute. Dei søkte noko gamalt og vintageaktig, og vips, der var me !
I morgon skal dei over til nabohuset hjå Irene.
Dei likar seg her på Evanger :) Hi hi.
Og me har hatt godt sal på butikken i tillegg.


Så går vi rundt om en enebærbusk....
Ja, eg veit ikkje, kanskje ikkje heilt lett å få fram den rette stemninga, men....

mandag 11. mai 2009

Meir frå butikken

Herleg sol ute på Evanger idag, som eg straks skal ut i :)

Ville berre visa litt meir bilder frå butikken....


...fine ting frå House Doctor....


.....bord frå siste loppis, som har fått pynta seg med kjempefin voksduk frå butikken....


...og bilder frå Trude S design, utruleg dekorative, samtidig som dei viser tradisjon frå Voss med fine bunadskledde damer. Og 17.mai er jo ikkje lenge til !

Ha ein solrik dag :)

onsdag 6. mai 2009

Ein liten titt i butikken


I morgon er det atter ope på butikken. Her er noko for ein kvar smak, gamalt og nytt i ei herleg blanding. Velkomen innom. Me har ope ifrå kl 12-17.

Gevir



Det er rart, men eg hugsar godt når eg for alt i verden ikkje ville ha eit gevir på veggen !!
No er det ganske fint, synes eg :) ( Ja, det har forsåvidt vore fint ei stund.... )
Den smaken, den smaken....
I morgon er butikken vår open for dei som har lyst å ta turen !
Me har fått masse nye varer frå loppis og House Doctor !
Løp og kjøp !!!

søndag 3. mai 2009

Ly for natten - igjen !

Kvifor er det slik på denne bloggen, at plutselig ville ikkje det siste innlegget mitt koma øverst, men heller smette seg inn som nummer to, og med datostempling for tre dagar sidan !!!????
Så det siste innlegget på denne bloggen; "Ly for natten ", er difor etter det nest siste innlegget ; "eit heller grått og trist innlegg"
Ja, for sånn er det med den saken, tenk !

Ly for natten

Når det gjeld overnattingsstader, for å ta det igjen, så er det sjølvsagt mange fine rundtom også ! Følte kanskje eg rakka litt ned på andre i eit tidlegare innlegg. Alle prøver vel å gjera sitt beste, og smaken er som baken, heiter det så fint.



Eg har fått ei utruleg fin bok hjå mine to kollegaer, som heiter " Ly for natten ". Anbefalast på det varmaste. Eg fekk lyst til å reisa rundt i Noregs land med det same.....

Sjå bilder her









Her kan me henta masse inspirasjon til vidare arbeid :)

Tuuusen takk Irene og Turid !!!! :)
( Såg at dette innlegget kjem etter det andre eg skreiv, og har prøvd å rette på det utan hell... Er ikkje heilt på bølgelengde med denne bloggen endå...grrrrr )

fredag 1. mai 2009

Eit heller grått og trist innlegg...



Av og til føler ein seg berre ganske uheldig, og det gjer me idag....
Me hadde håpa på midlar frå Kulturminnefondet, til å pussa opp vårt verneverdige hus..... Men dei kloke folk har tatt sin beslutning, og der var ingen midlar til den stakkars Sjøbua på Evanger :(
Huset skrik etter "litt" hjelp.... Bildene talar vel for seg sjølv.....



Jaja, det er berre å fatta mot og tenka ut noko lurt :)
Det gjeld å vera optimistisk !!!!
Ha ein fin 1.mai !