Når november er komen er det vel lov å snakke om jol og vise fram litt jolesaker...? Klarar ikkje å vente lenger med å vise fram dei siste kuppa mine. Har nemleg vore så heldig å kome over ein del fin og gamal jolepynt i det siste! Sjå berre på denne "godte-skåla her":

Innimellom kulene har det dukka opp nokre nydelege jole-klokker og:
Og desse gamle nissane må eg få vise fram og. Nissar med skikkelege andlet-uttrykk finn ein ikkje mange av i dag (raudnissen sine auger går faktis heilt i kryss ;-))

I tillegg til noko gamal jolepynt har Patina veldig fin jolepynt frå både House Doctor og Madam Stoltz. Me har funne fram ein del av jolevarene, men har ikkje jolepynta butikken enno. Kanskje gjer me det snart ?!
Patina T