mandag 10. september 2012

Stengt 14.-15.sept !


Fine hausten er komen !
Patinadamene tek ei vekes ferie,
dvs at me stenger
fredag 14. og laurdag 15.september.

Håpar ikkje at det var akkurat desse dagane
du hadde tenkt innom til oss...
Me opnar att fredag 21.september.
Då lovar me meir stabile opningstider
framover mot jol,
fredagar 11-18
laurdagar 11-16

Sjåast !

torsdag 6. september 2012

Nye åpningstider

Hausten er her og me reduserar opningstidene noko.
NYE OPNINGSTIDER ER FRE 11-18 og LAUR 11-16.
Merk at me har "langope" på fredag. Og du: me kjem til å bake bollar kvar fredag framover:-)
Velkomen innom til oss!

torsdag 30. august 2012

Bruktnytt

Fann ein nydeleg lampekuppel i glasscontaineren i går. Den tok me sjølvsagt med oss, og vaska han godt før me satte han fram som vase i kafeen. Etter ein liten time kjem det ei dame som vil kjøpe vasen. Og bruke han som lampekuppel... Ja, ja livet er ein runddans. Sjølv for ein liten lampe;-)

søndag 19. august 2012


Ei hektisk og kjekk veke er slutt.

To av Patinadamene har blant anna vore på
MADONNAKONSERT !!!!
Veldig kjekk tur til Oslo :)

Me har også teke det fyrste steget mot å
verte filmstjerner....
Men, der har me nok litt å lære...
Uansett kan du sjå videoreportasjen om oss
som har vore på bt.no idag.

Pinlig - pinlig - pinlig, og rødme....

Til helga er det Balkanfest på Evanger !
Då er det verkeleg verdt å ta ein tur !
Fin veke til deg !

søndag 12. august 2012


Endeleg litt sommar og sol !
Eit bilete av den fine trebåten
som me låner ut til våre gjester :)

Denne veka har me litt endring
i opningstidene :

Man + tirs kl 11-17
Ons + Tors STENGT
Fre + Laur kl 11-17

Velkomen innom til oss !

tirsdag 7. august 2012

Sommar og full fart på Patina!!
Gjester ifrå Amerika, Italia og Norge
dei siste dagane:)) Me er glade og
fornøygde:)) I morgon er det ny
patinaveke, som me kallar det..:)
..og me gledar oss til å sjå deg:)
Litt nye bilder ifrå leilegheitene
i dag, tatt med mobil:)
Velkomen innom ons-laur
kl. 11-17:)

lørdag 28. juli 2012



Her er det ei Patinadame som er klar for ferie :)
Blid eller kva ??



Sjøbua vår etter opningstid,
litt kveldssol lyser opp....

Opplyser også i det same,
om at me stenger butikk/ kafeen vår,
15. og 16. august ( ons+tors )
Det dukka opp noko som me berre MÅTTE på....
Meir om det sidan.
MEN : i staden opnar me to andre dagar same veka,
altså 13. og 14. august ( man+tirs)
For dykk som kjem langvegsfrå,
kan jo dette vere greit å vite om ;)

God helg alle !!!