onsdag 30. januar 2013



Me har nedteljing på Patina
om dagen, og gledar oss 
veldig til å opne att
etter vinterdvalen
på fredag 1 feb kl 11:))
Me gledar oss veldig til
å servere deg deilige
kaffisortar..


..og til at du skal kunne kome
hit for ei stille stund..


 ..kanskje finne litt inspirasjon..
kjenne på godfølelsen..


Mange nye varer er på veg inn..



 Me gledar oss veldig,
veldig til å sjå deg att:)))
Hjarteleg velkomen!!

mandag 14. januar 2013

Sjølv om me har stengt butikken og kafeen vår i januar,
så er det likevel mogeleg å leige husværa våre !
På slike flotte vinterdagar som me har no,
er det berre eit kvarter å køyre til næraste slalombakke,
og endå kortare til ei langrennsløype eller fjelltopp, om du vil.
Og hugs, husværa er godt isolerte og har varme i golvet... ;)
Sjå meir info og prisar her !


Velkomen til Patina i vinter :)
( Bildet er frå i fjor, fekk dessverre ikkje til å laste opp nye bilder her idag... )

onsdag 2. januar 2013


Ifrå Patina kan ein gå
ein fin runde, via denne
litt spesielle "rasteplassen".
Midt oppi skogen står denne
benken og bordet med utsyn
over store delar av
fine Evanger.
No i jola var det eit
vakkert skue med
mykje snø på
alle kantar:)

Kanskje eit av dine
nyttårsforsett er å gå
meir på tur?

Iallefall ingen
dum idè:))

Hugs at Patina har
stengt heile
januar månad!

Ha ein flott dag:)))

mandag 31. desember 2012

Godt nyttår 2013


Desember gjekk så fort og jola likeså.
No er Patinadamene klare for eit nytt år !

Me har hatt mykje kjekt besøk innom oss i
løpet av året, både i butikken, kafeen og
husværa våre, og ikkje minst på dei sosiale media,
som facebook, instagram og twitter, og her på heimesida.
Og det skal de vite - me set utruleg stor pris på kvar og ein :)
De gjev oss masse av inspirasjon !

Tusen takk for det gamle og så ynskjer me ALLE
eit riktig godt nyttår !!!

Klem frå Irene, Turid og Hilde

tirsdag 20. november 2012

Strikkekafe..


Me gledar oss til
strikkekafè i kveld:)


..men du må jo ikkje strikke..
Du kan jo brette stjerner
i staden for feks..
av eit gamalt "Hordaland"

..høyre på inspirerande
Renate Lunde (Vossabia)som 
fortel om
sine heilt
fantastiske hudpleie
produkt..


 ...lage pompongar..

Eller berre kose deg litt..drikke
god kaffi..el te..
Bli inspirert
av andre..eller 
handle jolegåver?

20% på alle varer denne
kvelden.

Vel møtt
 kl 19-21.30

torsdag 15. november 2012

Strikke-kose-handlekveld



Tysdag 20.nov kl.19-21.30
 
Vossabia kjem og presenterer sine produkt !
Kafeen er open, og me har 20% rabatt på alle varene i butikken.
Kanskje du kan lage ei gåve, kjøpe ei gåve
OG samstundes kose deg med vener og mat og drikke på ein og same kveld?!
Velkomen er du i alle fall ! 

mandag 5. november 2012

Jolehelg på Evanger ?


Ynskjer du å reise vekk i jola, men manglar ei hytte å reise til ?
Då kan me tilby flotte husvære her på Evanger !
Ein herleg pynta leilighet, med joletre frå eigen skog, som de kan få pynte sjølve om ynskjeleg. Ingen tv, men garantert jolestemning med stearinljos og brettspel.
På jolaftan vert jola ringt inn med gustjeneste i Evanger kyrkje, eit steinkast unna, og til middag kan me bestille det beste pinnakjøt, eldhusrøykt frå Evanger,
som de sjølvsagt må tilberede sjølve.
På Evanger er det fint å rusle ein tur i nærområdet,
eller kanskje ta seg ein skitur, om snøen dalar ned...
 

Her er 9 sengeplassar i den største leiligheten og 4 i den minste, så tilbodet passar for 1-3 familier.
Me syter for at alt du treng av kjøkkentøy, dukar, serviettar og ljos er på plass og sengene er ferdig oppreidd.
Me ynskjer å leggje til rette for at dykk som gjester skal få ei koseleg og minnerik jolefeiring.
Send oss ein mail og fortel kva du ynskjer,
så gjev me deg eit jole-tilbod.
Sjå bileter frå husvære her.