onsdag 28. august 2013


 
 
 
Om du skulle få lyst til å gå deg ein tur i dette
vakre fjellområdet ( inngangen til Stølsheimen ),
så er det berre å gå, sykle eller køyre frå Patina,
den 6 km lange vegen som går opp til Tippen,
ved ca 750 moh.
Då er du komen over tregrensa og det er berre å byrje
på stien som går opp og innover mot Aoboranipa.
Har du ei helg eller nokre fridagar til overs i haust,
bestill gjerne overnatting hjå oss :)
Ellers er dei nye opningstidene våre no :
Tors - Laur kl 11-17
 
Komande helg er det Balkanfest Evanger !!!!
Kom, kom, kom :))
 


søndag 18. august 2013


Sommaren har vore hektisk og fin for oss på Patina,
og endå håpar me å få nokre fine dagar til,
før hausten set inn for alvor...
På mandag byrjar skulen,
og me reduserer opningstidene våre litt.
Me vil ha ope torsdag til laurdag frå kl 11-17 no ut august,
så kjem me tilbake til opningstidene utover hausten litt seinare.

Ikkje gløym at det er
Balkanfest Evanger her den 30.aug-1.sept !!!
Kom og opplev den sydlanske stemninga, med eller utan regn, me lovar deg ei fantastisk helg :)

tirsdag 6. august 2013

Stengt 7. og 8.august

Obs Obs !
Me held stengt på Patina
onsdag og torsdag denne veka
( 7. og 8.august )
 
 

torsdag 1. august 2013

Ein akeleie helsar god natt:)
Hugs opningstidene våre
tys-laur 11-17:)
Velkomen innom:)

lørdag 27. juli 2013


Me har fått nokon av 
Jamie Oliver`s produkt
i hyllene:)) Blandt anna
deilig rapsolje i fiiin kanne,
ketchup i fin flaske og marmeladar
i fine glas..:))
Masse folk har vore innom oss
denne veka, og det er me 
kjempeglade for:))
Innimellom kosar me oss me
òg..denne veka har me 
flotta oss med "cafè au lait"
i skåler, som i frankrike..
..kanskje det blir det til deg òg
ein dag??..me får sjå:))
Helg for oss no..til tysdag..
På gjensyn!!

tirsdag 16. juli 2013


Tida går her på Patina..
Sidan sist har det kome nytt
skilt på veggen, ei dame er
komen vel heim ifrå ferie,
og ei har begynt på ferie:)
Masse folk har vore innom,
og me har hatt det ganske
so travelt gitt:))
Nye varer ifrå ein av våre
nye leverandørar Blomme
kom idag...både vesker,
lys, vimplar og partyballar
er på plass i butikken.
Kom og sjå!!
Me er der som vanleg 
mellom 11-17 
i morgon:))

onsdag 10. juli 2013


Ein nydeleg sommardag på Evanger i dag !
Båten vår, den kvite,
er komen på vatnet, klar til bruk.
Om du overnattar hjå oss kan du få låne den
og ta deg ein koseleg ro-tur på Evangervatnet...
Eller du kan rusle deg ein tur i
nærområdet, her er merka turløyper :)
Send oss ein e-post eller ring oss,
me har framleis ledige leiligheter i sommar !
patina@evanger.net
0047 90957388