Om kvelden kom det artistar frå meir urbane strok, og me fekk oppleva nydelege intimkonsertar, gjerne med god raudvin inntil, eller eit glas av det spesielle ølet dei selde her ! På marknadsdagar, då det er eit yrande folkeliv, stod kafèen i sentrum, og det låg eit slags eksotisk teppe over heile lokalet og innerst i hjørna kom det gjerne tonar frå ein kontrabass. Mange av kundane våre likte dette. Koma til denne vesle byen, nyta kafèlivet og etterpå rusla rundt i butikken vår for å kjøpa med seg ein godbit til heimen.
Me har eit håp om at ein gong, .... ein gong kan det kanskje verta "liv" i Gato vår att. Som i gamle dagar, då det var opp til fleire kafèar, butikkar, skomakar, skreddar og til og med hotell !
Her, på vesle Evanger !
Butikken vår kan du oppleva framleis, og me lovar at du skal kunne få ein gratis kopp kaffi i pappbeger og masse inspirasjon om du kjem innom.
På sikt får me sjå kva me kan få til.... - H.
4 kommentarer:
Synd at sike kafeer ikke er liv laga, eller er det de som driv som går trøtte?
Vi hadde også en slik koselig kafe i Skudenes på Karmøy, der vi fikk hjemmelagede konfekt og deilig kaffe i små kunstkopper,en herlig opplevelse. Flotte bilder på veggene, intimt og koselig, men så var det plutselig slutt.
Det er jo om sommeren det er liv å røre, og lite som skjer i vinerhalvåret, så det blir sveltihel.
Men det er spennende med butikken dere har, så den vil jeg se mere til og hva som selges der...
Stemmer det at det var kafe Himmel og Hav, og vi ble så skuffet da dama drog!!
Uff, jeg ser jeg har skrivefeil i innlegget over... slik går det når en ikke leser gjennom før en poster ;o)
Jeg har aldri vært i Evanger, men det ser unektelig idyllisk ut! Kanskje serier som Himmelblå kan lokke folk til utkantene?? God påske til deg!
Gratulera med ny blogg. Eg har følgd nettsidene til Patina i mange år - ikkje sånn på dagleg basis, men dann og vann når eg kjem på det. Hugsar også reportasjen i BT der det også stod skriven om kafèen. Me var fleire som planla å ta togturen til Evanger for å besøke Patina og kafèen. Men det vart berre med planen.
Nå gler eg meg til å følgje bloggen dykkar - masse lukka til :)
Legg inn en kommentar