fredag 14. august 2009

Ommøblering



Det nærmar seg hausten, og igår kom ommøbleringslysta over meg - igjen.
Det var hobbykroken som fekk seg ei fornying.



No kan eg gleda meg til mørke haustkveldar med tente stearinlys og forhåpentligvis ein kreativ hjerne...
For det er jo ikkje berre å skru på den delen av hjernen alltid ;) sjølv om ein kunne ønska det var slik.







Me har også mykje butikkplanlegging framover.
Merkar at ein sommarferie har gjort godt, og eg trur at me alle tre er klare for vidare arbeid med huset vårt.
Nett no er det den eine ytterveggen som får sin overhaling. Den som me berre raskt skulle skrapa og mala...
Var visst ikkje so enkelt.
Det må bytast på diverse rotne plankar.
Slik er det vel med gamle hus....
Men butikken er open idag og neste helg reiser me til Oslo på gave-og interiørmesse.
Da verte skøy !!
Ha ein fin dag !

3 kommentarer:

Orlaug sa...

So fint du har det i "kroken" din.....no er det berre å la kreativiteten blomstre.....

Rosa sa...

det var ein inspirerande krok - så fin i seg sjølv!

Høyrest morro ut med gave- og interiørmesse!

HildeS/Frøken Fryd sa...

Heisann, og takk for sist.
Kjekt med litt ommøblering, og det kan vere nok til å setje igong kreative prosjekt.
Me, eg og maen, skal også på gave og interiørmessa, og gler meg til det.
Me tek det som ein aldri så liten hotellferie også på Losby Gods.
Kanskje me sjåast på messa:)
God helg.
Klem H