tirsdag 1. desember 2009

Ulla popken



Veit ikkje om de hugsar om då Patina damene hadde ein utruleg spesiell oppleving i sommar.
Me fekk besøk av eit klemodell byrå heilt frå Tyskland som gjerne ville ta bileter til den nye vinter- og jolekolleksjonen deira, og då ville dei gjerne bruka interiøret i husa våre som bakgrunn i bileta.
Dette var ei merkeleg, rar og heilt ny erfaring for oss.
Ting gjekk veldig fort i forkant, og me fekk nokre hastverk-ryddingar, for me følte sjølvsagt at huset MÅTTE vera ryddig, må veta ( ein kan jo sjå på bileta kor viktig det var... ;) )
Utruleg rart når ein heil delegasjon med fotografar, modellar, stylistar og sminkørar drog med seg alt utstyret inn i den vesle stova mi. Då eg kikka inn litt seinare på dagen, kunne eg skimte modellen på biletet over, med akkurat den bakgrunnen...hi hi :)


Men, ein kan jo lura litt på om ikkje det kunne finnast eit liknande hus med same bakgrunn nærmare Tyskland.... ? Kan du skimta vindauga mitt i bakgrunnen ? He, he....



Her er eit bilete teke borte hjå Irene, der dei også bar inn eit stort joletre som skulle bevisa at det var trass alt jol....midt på sommaren ;)

Om de vil sjå fleire bileter kan de gå inn på Ulla Popken og sjå.
Ekstra kjekt å tenkja på at den eine modelldama kjøpte med seg eit stort elg-gevir frå butikken vår, so det pyntar nok opp i det store utland ein stad, hi hi :)

2 kommentarer:

Anonym sa...

endelig fekk me sjå bileta!!
juhuuu!
men, hehee , var no ikkje så mykje av stova som viste , men stemningen i dykkar flotte heimar har nok gjort sitt til at utenlandsfolka må vera VELDIG fornøydde med locationen:)
-N-

Orlaug sa...

Stilig!!