tirsdag 16. februar 2010

Små gleder i kvardagen.

Ei svært klok kvinne sa ein gong: "Gjer kvar dag til ein fest". Dette er noko som me Patinadamene er svært einige i. Me meiner ikkje at me skal slå på stortromma og ha hæla i taket kvar dag, men at ein kvar dag skal gjere noko for å skape glede og hyggje rundt seg. Og det er ikkje noko hokus pokus! Eit tent ljos under måltida kan i mange tilfeller vere den ekstra gleda ein trengte den eine dagen. har lyst til å vise nokre av dei små tinga som har gleda meg i dag:

Dette "glasskåret" fann eg på ein av dei mange gamle bosplassane me har rundt garden vår. I dag satte eg det fram i glaskarmen for at det skulle få dagsljos på seg.

Vasar høyrer til på festar. Og jammen pyntar dei opp om dei står tomme og! Hyasintvasen har me for sal i butikken vår.

Å vaska hendene er noko ein gjer fleire gonger om dagen. Kvifor ikkje lage litt hyggjelege rammer rundt desse hendingane og? Eg kosar meg meg med eit gamaldags såpeoppheng (nyinnkjøpt på IKEA), ei litt ekstra god såpe og ei gamal og vakker teskål som samlar opp såpesølet....
Patina- T
Har du nokre små kvardagsgleder som du vil dele med oss?





1 kommentar:

reSIRIkulert sa...

Me skulle nok vore mykje flinkare til å feira kvardagen - med små ting som i dette innlegget...
Takk for at de minnar oss på det!
Vasane var nydelege. Sjølv har eg nokre i farga glas, men då i sterk blå og grønfarge, men dykkar var i nydeleg dus fargatone.
Ynskjer dykk ei fin helg!
Siri