torsdag 5. august 2010

Kjærleik til brukte ting.

Sat og kosa meg med ein kopp te her ein morgon, og la merke til alle dei brukte tinga eg hadde omkring meg.... Te-koppen var godt brukt då eg fekk han, og er vorte mykje brukt av meg og ;)

Stolen eg sat i var kjøpt på Brukt'n, og den storblomstra puta var frå eit loppemarked (den lyse puta er ny frå House Doctor....)

Utsikta mi var godt brukt og. Eg kvila nemleg augene på uthuset til nabogarden, der kledninga er vorte nydeleg grå og taket er fantastisk rustraudt! Konklusjonen vert at det er mykje kjærleik i godt brukt!




4 kommentarer:

Haust sa...

Ja og amen! :)

Nydeleg kopp!

Hegeslilleboble sa...

Kjempekoselig kopp, den skulle jeg gjerne hatt teen min i jeg også:)
Koselig blogg dere har!!!

Bluggi buggi blogg sa...

Ja det er koselig med gamle brukte ting. Mye sjel og historie som man kan drømme seg bort av :)
Trude :)

Susanne sa...

Kvardagsting med lang fartstid er gull verd - men det er ikkje alltid ein SER dei! Dette var gode ord og tankar. No skal eg sjå meg litt ekstra rundt neste gong eg sit med tekoppen, eg også!

Susanne