mandag 7. februar 2011

Brass-NM



Til helga er det NM for brassband i Grieghallen i Bergen !
Det er årets happening for slike som meg, ein ekte brassnerd... ;)
Eg spelar trombone, og i desse dagar er det berre øving som gjeld, å få det bra nok, slik at ein iallfall har gjort sitt beste og kan vera fornøgd med det. Målet for det korpset eg spelar med, Tertnes Amatørkorps i 1.div, er fyrst og fremst å halda seg i divisjonen, i tillegg til at det skal vera moro :) I desse dagar sit ein og gnur med tonar og takter ein ikkje får til....og både skuldrar og lepper strammer seg....
På laurdag skal det skje.....og på ca.13 min er stykke ferdig ;)
Eg og mannen skal bu på hotell heile helga og kosa oss med herleg brassbandmusikk og god stemning :)
Dei som skulle vera frykteleg interesserte ( reknar ikkje med at det er mange..he, he ), men her er ein link til direktesending på web-tv frå Grieghallen : http://www.spilleglede.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=3090

PS. Ellers denne veka skal to Patinadamer nett fly ein tur til Oslo på årets SMAK-messe. Håpar å få gode idèar og inspirasjon til kafèen vår :)
Ynskjer alle ei super veke !!

3 kommentarer:

Orlaug sa...

Ååå, so kjekt at det vert sendt på nett-tv. Då skal eg storkose meg, som for (2?) eller (3?) år sidan.
Kos deko, de òg!!!

reSIRIkulert sa...

Dette høyres kjekt ut!
Kanhende eg klarer lokke min kjære med meg, for han er ivrig trompetist :o)

Rosa sa...

Åh, kjenner det klør litt i brassfoten når eg les dette. For min del vert det heime-helg med dei søte små, som slett ikkje syns det er greit å sove med eller hjå andre enn mor og far.

Kos deko, og lukke til!