fredag 19. august 2011

Events på Patina og Evanger



Det nærmar seg årets høgdepunkt på Evanger !
Neste helg er nemleg Evanger forvandla til ein landsby i det indre Balkan, ein landsby kledd til fest !
Her kjem fantastiske musikarar frå fleire ulike land, her vert servert kortreist mat tilreidd på ekte Balkanvis, og her er eit yrande liv blant vimplar og lys.
Musikken er rytmisk herleg og ein får mest lyst å dansa heile helga til endes.
Laurdagen er det gratis inn på festivalområdet for små og store fram til kl 18.
For dei små er det to Badnabalkan konsertar, ein kl 12.30 og ein kl 15.
For dei store kan kyrkjekonserten med Ralitsa ( bulgarske syngedamer ) og konserten med Guro Von Germeten anbefalast, i tillegg bør du få med deg dei fengande blåseorkestra Erdogan Orkestar og Fanfare Vagabontu. Jovan Pavlovic frå Trondheim kjem også i år, og vil ha eit samarbeidsprosjekt med den bulgarske gruppa Thrace og syngedamene Ralitsa i kyrkja på søndagen.
 Aahhh, dette blir berre heilt fantastisk !
Sjå innom http://www.balkanfest-evanger.com/ for meir info.
Dette bør du ikkje gå glipp av....



Men fyrste events er ein gratis konsert på Patina,
no på søndag kl 16.
Vibeke Sonora Mykkeltveit vil koma og synga med si heilt særeigne stemme.
Ho komponerer sin eigen musikk og etterpå er det mogeleg å få kjøpa hennar cd.
Her er sjølvsagt råd og få kjøpa seg gode kaker og herleg kaffi.
Velkomen til Evanger !

Ingen kommentarer: