mandag 5. november 2012

Jolehelg på Evanger ?


Ynskjer du å reise vekk i jola, men manglar ei hytte å reise til ?
Då kan me tilby flotte husvære her på Evanger !
Ein herleg pynta leilighet, med joletre frå eigen skog, som de kan få pynte sjølve om ynskjeleg. Ingen tv, men garantert jolestemning med stearinljos og brettspel.
På jolaftan vert jola ringt inn med gustjeneste i Evanger kyrkje, eit steinkast unna, og til middag kan me bestille det beste pinnakjøt, eldhusrøykt frå Evanger,
som de sjølvsagt må tilberede sjølve.
På Evanger er det fint å rusle ein tur i nærområdet,
eller kanskje ta seg ein skitur, om snøen dalar ned...
 

Her er 9 sengeplassar i den største leiligheten og 4 i den minste, så tilbodet passar for 1-3 familier.
Me syter for at alt du treng av kjøkkentøy, dukar, serviettar og ljos er på plass og sengene er ferdig oppreidd.
Me ynskjer å leggje til rette for at dykk som gjester skal få ei koseleg og minnerik jolefeiring.
Send oss ein mail og fortel kva du ynskjer,
så gjev me deg eit jole-tilbod.
Sjå bileter frå husvære her.



2 kommentarer:

marian sa...

Kjendte det rykte litt i "DETTE-HAR-EG-LYST-TIL"-muskelen då eg las dette, men når dei tre håpefulle ungdommane vil heim til jul, er det nok lurast å halda seg heime!

Håpar det er einkvan som tek utfordringa. Det har de fortjent.

Marian

Cathrin sa...

Å, for ein koseleg ide! Dette høyres jo berre nydeleg ut. Me kjem til neste jol, dette året har me allereie booka oss inn hjå fine folk.