Idag har eg teke litt bileter i heimen.
Er so smått byrja å pynta til jol...
Gullhjorten er ny av året, og den vart me fort utsolgt for på butikken. Eg fekk nett ein til meg sjølv, puh ;)
Julebokstavane laga eg i fjor. Kjekt å ha ein møbelsnikkar til mann, fort gjort å laga nokon bokstavar då...
Her er ein krok av stova mi...
Bilete på veggen laga eg for to år sidan, av noko gamalt stoff og ei gamal ramme utan glas...
I grunnen veldig lite ny jolepynt hjå meg i år, har henta inn litt frå naturen, som er mykje fin pynt i seg sjølv.
Bortsett frå denne då, den er ny, hi hi, ja det er faktisk eg som har laga den, og ikkje minstejenta på sju... :)
Mannen min sa, at den skulle eg vel ikkje legga ut bilete av, og nettopp difor gjer eg det, tudelu :)
Dette kan ein vel verkeleg kalla naivistisk pynt, og kanskje ikkje den ein tek fram att til neste år, he he :)
Duken er vel gjerne det som er finaste på biletet, ein ekte fin adventsduk.
I morgon skal eg starta jolebaksten :)
Kos dykk alle !
tirsdag 8. desember 2009
søndag 6. desember 2009
2.sundagen er gjort
Då var jolemarknaden på Evanger over for i år.
Koseleg stemning var det som alltid, sjølv om vinden bles ut faklar og prøvde riva med seg det den kunne få fatt i. Det store joletreet står iallfall endå, med sine fine farga lys.
Diverre ingen bilder frå meg idag, då kamera var tomt for batteri, og eg var litt for travelt opptatt med å stå i butikken. Trur dei andre Patinadamene også hadde nok med sitt, men, eg ser at andre sjølvsagt har hatt med seg kamera, og om du tek ein kikk innom denne bloggen vil du sjå litt bileter frå butikken vår.
Om nokon lurar på kva me har opna i kalendaren vår, så kan eg bl.a nemna økologisk eple-og kanelte, eit fint grønmalt blikkfat, nydelege sandkakeformer med gamalt margarinmønster, gamalt rosa glitter rett frå Fretex, røykelse og idag kvit spraymåling !
Me er storleg fornøgde, hi hi :)
Bilete skal nok koma !

fredag 4. desember 2009
Travle tider
Her går dagane frykteleg fort og Patina damene er travle med forskjelligt. Me har delteke på reiselivsmøte på Voss, der det er mykje i gjære for tida...spanande å fylgje med.....
Me har vore på oppstartseminar for sykkelturisme i Hordaland i Bergen, då me vil at akkurat dette skal vera eit av satsingsområda til Patina. Veldig spanande dette også....
I tillegg til dette er me inne i travle førjolstider, som mange andre, og me forbereder jolemarknaden som skal vera på Evanger no på søndag.
Då vert det jolestemning med kveiking av jolegrana, verkstad for dei små, sal av husflidsprodukt, saft og det kjem ei dame som syr dei finaste klede. Ho har kalla kleda sine for Tiljamiid, og de kan sjå bloggen hennar
her.
Me har sjølvsagt ope på butikken vår. Idag har me fyrt opp røykelsen og satt på fin jolemusikk, så jolestemninga er på plass. Så folkens, ta turen til Evanger på søndag mellom kl 12 og 17 :)
Apropos god musikk kom eg på at eg ville tipsa om Vossa Jazz sin jolekalendar, for dei som ikkje er så heldige å ha ein hengjande på veggen ;) På heimesida deira vert det kvar dag fram til jol avslørt ein ny artist som kjem til Voss palmehelga 2010.
So då kan ein jo berre byrja gleda seg til den helga også....

tirsdag 1. desember 2009
Ulla popken
Veit ikkje om de hugsar om då Patina damene hadde ein utruleg spesiell oppleving i sommar.
Me fekk besøk av eit klemodell byrå heilt frå Tyskland som gjerne ville ta bileter til den nye vinter- og jolekolleksjonen deira, og då ville dei gjerne bruka interiøret i husa våre som bakgrunn i bileta.
Dette var ei merkeleg, rar og heilt ny erfaring for oss.
Ting gjekk veldig fort i forkant, og me fekk nokre hastverk-ryddingar, for me følte sjølvsagt at huset MÅTTE vera ryddig, må veta ( ein kan jo sjå på bileta kor viktig det var... ;) )
Utruleg rart når ein heil delegasjon med fotografar, modellar, stylistar og sminkørar drog med seg alt utstyret inn i den vesle stova mi. Då eg kikka inn litt seinare på dagen, kunne eg skimte modellen på biletet over, med akkurat den bakgrunnen...hi hi :)
Men, ein kan jo lura litt på om ikkje det kunne finnast eit liknande hus med same bakgrunn nærmare Tyskland.... ? Kan du skimta vindauga mitt i bakgrunnen ? He, he....
Her er eit bilete teke borte hjå Irene, der dei også bar inn eit stort joletre som skulle bevisa at det var trass alt jol....midt på sommaren ;)
Om de vil sjå fleire bileter kan de gå inn på Ulla Popken og sjå.
Ekstra kjekt å tenkja på at den eine modelldama kjøpte med seg eit stort elg-gevir frå butikken vår, so det pyntar nok opp i det store utland ein stad, hi hi :)
søndag 29. november 2009
Ny nettbutikk.
I denne førjulstida har Patina lagt ut ny form på nettbutikk. Her har me lagt ut dei fyrste smakebitane, og meir er i vente! Velkomen innom patinabutikken.blogspot.com
Ynskjer alle ei fin adventstid.
fredag 27. november 2009
This is our day !
Patina må vera er inne i ein god periode, det er me heilt sikker på, for idag fekk me svar på den neste søknaden vår,
og .....................
og .....................
JJJJJJJJEEZZZZZZZZZZZZ !!!!! :)
Me fekk støtte også frå kulturminnefondet til renovering av huset utvendig :)
Det trengs, for det er mykje å gjera. Men guuuu kor glade me vart :)
Så me måtte feira med litt kirsebærvin på butikken idag, berre ørlite grann...
Ellers har me kosa oss med å laga jolekalendar. Alle tre har pakka inn åtte gåver kvar, småting som kan høva for sal, eller noko lurt me treng, eller noko heimelaga greier... Det blir spanande og sjå kva som gøymer seg inni.
Pakkene vart hengt opp i ei gamal grein oppunder taket. Enkelt og veldig fint :)
I morgon tek me med oss mennene våre til Bergen på riktig kosetur, eller ein kan kalla det årets alternative jolabord, hi hi. me gledar oss iallfall !
Ynskjer alle ei god helg :)
tirsdag 24. november 2009
Hurraaaa !!
HUUUUURRRRAAAA !!!
Idag har bankontoen vår endeleg fått sine etterlengta tusenlappar frå Fylkesmannen i Hordaland til vårt ferdigstilte forprosjekt ( ja, ikkje so mykje som det kanskje høyres ut..., men alt hjelper på ;) )
Det er ein liten start om ikkje anna, og det er godt å vita at timane ein legg ned ikkje er heilt forgjeves.
Og dei timane ein HAR lagt ned er jo ingenting mot alle dei ein SKAL legga ned.... Puh.
Me ventar også spente på svar frå ein annan søknad me har inne, og det får me nok vita over helga.
Så her er ikkje berre adventstankar i hovudet, hi hi ;)
Abonner på:
Innlegg (Atom)