I dag skulle eg ikkje vere på Patina før litt utpå dagen. Hadde eigentleg tenkt meg ein tur til Voss for å ordne litt småputl til jol, men ungane hadde ikkje lyst! Dei ville berre ut i skogen og sjå etter joletre. Så då gjorde me faktisk det. Heldigvis! For ein dag i skogen! Sol! Rim på bakkar og tre! Det glitra og funkla overalt.
To tre som veks tett vert raskt kandidat for å verte joletre. Me har liksom litt sympati for det treet som etterkvart skal ende opp inne i jolestova vår. Det er ofte eit eller anna litt feil med det treet som vert med oss heim...
Kulda har kledd inn grana med eit tynt lag med rim....
Ungane oppdaga ei "glittermyr". Sjå her! Sjå der! Overalt glittra det! Kven treng glitter inne når me har glitter ute?
Ei lita vasskjelde har frose til is. Det var ikkje mykje å gli på, men det var veldig mykje moro!
Sa eg at me fann oss eit joletre? Me gjorde det! No står det eit stort og to små joletre ute i skogen med raude joleband på seg... Eit til stova vår, og eit til kva av ungane sine rom! Me skal hente dei siste sundag før jol.
Etter skogsturen bar det ned til Patina. Der lukta det Kongerøkelse, stearinljosa var tent og berre trivelege kundar var innom. Topp dag!

Patina- T