tirsdag 6. oktober 2009

Jubbiduuuu ! Julemagasin nr 1.



Høyrde rykter om at KK sitt julemagasin var kome ut, og då var eg ikkje sein om å springa i butikken og kjøpa eit blad idag.
Klarte ikkje å venta lenge før eg måtte pløya gjennom det....
Er det ikkje snart jul då, folkens.... ?



Vel, ei stund att endå, men plutselig fekk eg litt krible krible i kroppen...



Fann ein del fine ting i bladet, som denne reportasjen. I like !!!



Jodå, kjenner at eg fekk lyst til å baka, pynta, til å smokka ihop noko ny julepynt, for kva skal ein vel finna på i år.... ?

Det som eg synes er minst kjekt med jul, det er presangane...
Eg syns liksom at det er litt slutt på den gleda med å venta heilt til jul før ein får noko, no får ein jo noko heile året, og dei fleste kjøper seg det dei har lyst på.
Gjekk f.eks forbi den nye Madonna-cdèn idag og fekk nesten lyst å kjøpa den ilag med bensinen eg betalte for, men så gjorde eg det ikkje. "Kanskje eg kan ønska meg den til jul..." tenkte eg då.... Men, guuuu kor lenge til jula når eg har sånn frykteleg lyst på den musikken NO. Kanskje tek eg meg råd til dei 200,- ein anna dag, og då er jo den ventinga over... Er det ikkje litt slik med dei fleste, eller... ?

Men, men, klart det er kjekt med presangar og. Kanskje kan ein ha meir fokus på gjenbruk og kjøpa noko brukt eller heimelaga. Noko spesielt, som ingen andre har... Veit ikkje..., har alltid gode intensjonar om det, men ikkje alltid like lett å gjennomføra når "ståket" set inn, og vekene fram til jul berre forsvinn...

Jaja, enn so lenge skal eg kosa meg med bladet mitt ;)

6 kommentarer:

Camilla sa...

ååå..juuul :-) Tror jeg må få tak i det bladet. hihi Skader jo ikke å være godt forberedt liksom.. Julemarsipanen skal derimot få vente en stund til.

Rosa sa...

ohoi, jola er jo endelaust langt vekke, syns eg. men så veit ein jo kor fort vekene går.

eg kosar meg med å kjøpe eller lage gåver, sjølv om nokon mottakarar er vanskelegare enn andre ;)

Kanskje det er jolemagasin eg skal kose meg med på toget når eg skal reise så mykje om eit par veker?

Kos deg med oppvarminga!

Blåbærpai sa...

JUUL??!! oioi, nei det er eg ikkje klar for endå!!
Men, så fiiint at nokon er byrja verte i jolamodus!Då smitter det gjerne over;))

Blåbærpai sa...

Har de forresten bileter frå sommarens "jolefeiring"?? Hadde vore moro og sett!!

@afjo72 sa...

Ja, jula er jo jammen meg i gang i enkelte butikker allerede! Jeg er ikke helt klar for det enda, men det kommer :))

Christine C sa...

Dro med meg det bladet hjem her om dagen jeg også, og ble som deg inspirert. Har alltid likt tida før jul best, og den må gjerne være lang, hehe. Første gang jeg er innom deg, og jeg synes du har en ordentlig koselig blogg! :-))