lørdag 31. oktober 2009

Nye varer og sluttrapport ferdig !



Eg lovde å visa nokre av dei nye varene.
Her ei kjempefin lykt, med ein litt anna form enn mange andre lykter.



Desse zinkfatene kan brukast til mangt. Og litt knottar og knaggar er alltid kjekt å ha litt av.



Ein smule jolestemning.... jepp :)



Gledar meg til å lage noko godt som eg kan putte oppi desse fine og enkle marmeladeglasa.
Det treng jo ikkje berre vera marmelade... Kjempefin jolapresang !



Ellers er me SUPER glade for endeleg å få sendt avgårde sluttrapporten til forprosjektet vårt.
Dette kartet over Elje Gard som Turid og mannen har laga vart sendt med. Kjem ikkje heilt fram på biletet, men det var utruleg fint.
Forstår ikkje anna enn at dei som sit på pengane må smelta når dei ser slike fine bilder frå området rundt garden, gamle uteløer ( som me i framtida vil bruka til overnatting i vår Patina Simple Living ) og eit flott kart med fine turstiar, klare til bruk !
Me føler framgang i prosjektet, og det er bra :)

No er det helg, og kanskje tek me ein tur i skogen for å finna litt "goder" til heimen :)
Kos dykk alle !

2 kommentarer:

Orlaug sa...

Trur eg må innom og sjå etter knottar til syskrinet mitt......
spennande om de får pengar til prosjektet, no då.
Kryssar fingrar.....

Rosa sa...

oj, så fine dei zinkfatene var! Kjempespennande å høyre kva respons de får frå dei som sit på pengesekken - lukke til!